Varsel om oppstart av Detaljregulering for Flògekylpa GBNR 14/17 - Lokøyna

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for Flògekylpa GBNR 14/17 - Lokøyna.

Plankonsulent er Regn Plan AS på oppdrag av Torsbygg Eiendom AS.

Kunngjeringsdato: 03.07.2024.
Merknadsfrist: 23.08.2024.
Saksnummer: 24/1323
Arealplan-ID: 20240001
Opne i plankart 
Plandokument
Status: Varsel om oppstart av plan
Gardsnamn: Lokøyna

Kort om planen

Varslingsgrense for planområdet. - Klikk for stort bileteVarslingsgrense for planområdet.

Det vart halde oppstartsmøte for planen den 29.02.2024. Planområdet er ca 21 dekar og ligg i eit eksisterande naustområde på Flògo på Lokøyna i Øygarden kommune, og har tilkomst ifrå fylkesveg 5238. Planområdet omfattar eigedommen gnr. 14, bnr. 17 mfl. 

Føremålet med planarbeidet er å er å legge til rette omlag 12 nye naust (i tillegg til 3 eksisterande naust), med vegtilkomst, parkering, kaifront, slipp og utliggarar. Ein legg opp til noko parkering utanfor planområdet for å ikkje nytte gode, sjønære areal til det, og for å tilfredsstille krava i kommuneplanen (KPA).

I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til bygningar og anlegg, sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone og LNRF.

Tiltaket er vurdert til å ikkje kome under KU-forskrifta §§ 6 eller 8.

Utklipp av arealdelen til kommuneplanen for planområdet. - Klikk for stort bileteUtklipp av arealdelen til kommuneplanen for planområdet.

Planområdet er uregulert, og det er føringar i kommuneplanens arealdel som gjelder.

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.

Saksgong

I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter 1. gangsbehandling i utval for plan (UFP), vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 24/1323 (refnr). Søk etter saker

Har du merknader til planarbeidet?

Spørsmål og merknad kan sendast til plankonsulent:

Anne Lise Sæterdal

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 23.08.2024.