Utskriven eigedomsskatt for eigedomar i Øygarden for 2023Lytt til tekstenStopp avspillingMed heimel i eigedomsskattelova (esktl) § 2 og vedtak i kommunestyret 19.05.2022 og 15.12.2022 har Øygarden kommune skrive ut eigedomsskatt for året 2023. Kunngjeringsdato: 28.02.2023 Merknadsfrist: 11.04.2023 Status: Offentleg ettersyn For eigedomsskatteåret 2023 er det skrive ut eigedomsskatt på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum jf. esktl § 3 første ledd bokstav c. I tillegg er det skrive ut eigedomsskatt på eit «særskilt fastsett grunnlag» i samband med overgangsregelen til esktl §§ 3 og 4 første ledd. Den alminnelege satsen for skatteåret 2023 er 7 promille for skatteobjekt i Øygarden kommune. Merknader Det er høve til å klage på utskriven eigedomsskatt. Skattelistene vil ligge til offentleg ettersyn i 6 veker frå 28.02.2023. Klagen må rettast skriftleg innan 11.04.2023 til: Øygarden kommune, Eigedomsskattekontoret Ternholmvegen 2, 5337 Rong Dei som er omfatta av eigedomsskatt får tilsendt detaljert skatteseddel pr. post. Spørsmål? Spørsmål om eigedomsskatt for Øygarden kommune kan rettast til Eigedomsskattekontoret e-post: postmottak@oygarden.kommune.no Dokument i saka Eigedomsskatt 2023 Øygarden kommune (PDF, 57 kB) Særskilt skattegrunnlag gamle Fjell (PDF, 118 kB) Særskilt skattegrunnlag gamle Sund (PDF, 100 kB) Særskilt skattegrunnlag gamle Øygarden (PDF, 21 kB) Eigedomsskattevedtekter Øygarden kommune 2020 (PDF, 206 kB) Publisert 28.02.2023 07.52