Offentleg ettersyn av framlegg til Kommunedelplan for vatn, avlaup og overvatn 2022 - 2034

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-14 vedtok Utval for samfunnsutvikling 06.12.2022, sak 058/22, å leggje framlegg til kommunedelplan for vatn, avlaup og overvatn på offentleg ettersyn. 

Kunngjeringsdato: 13.12.2022
Merknadsfrist: 08.02.2023
Saksnummer: 058/22
Opne i plankart
Plandokument
Status: Offentleg ettersyn

Om planen

Planframlegget set mål og strategiar for planperioden og gjer klart kva som er status og kva utfordringar som ligg føre for områda vassforsyning, avlaupshandtering, overvatn og vassmiljø.  Eit av dei viktigaste premissa for planarbeidet har vore kobling av innhald mot kommunen sin vedtekne samfunnsplan, og kommunedelplanen vil og vera eit viktig grunnlag i komande arbeid med kommuneplanen sin arealdel. 

I planframlegget er det oppfølgingspunkt både for ansvarsområder som ligg til kommunen og til Øyvar AS gjennom tiltaksliste for framtidige investeringsprosjekt innan vatn og avlaup. Prioritering av tiltak er basert  på i kva grad dei er i samsvar med mål og strategiar, prioriteringar og vedtak for utvikling innan vedteken senterstruktur, og samsvar med krav frå offentlege mynde.  

Lenke til høyringsframlegg av Kommunedelplanen kan ein finne her  

Oversikt over både prioriterte og uprioriterte investeringstiltak i planperioden kan ein finne i denne kartløysinga.

Høyringsmøte

Det vil bli arrangert eit ope høyringsmøte om planprosessen tysdag 24. januar kl. 18.00 – 20.00 på Øygarden rådhus, Straume.

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister

Har du merknader til planforslaget?

Vi ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saksnummer 058/22. Eventuelle merknader og innspel kan formidlast kommunen som:

Frist for å sende merknad til planframlegget er sett til 8. februar 2023.