Aktuell informasjon

Høyring og offentleg ettersyn - detaljregulering Oksneset næringsområde - Energiparken

Detaljregulering med namn Oksneset vert med dette lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova sine §§ 5-2  12-10.

Utval for plan i Øygarden kommune har i møte 07.04.2022, sak 066/22, gjort vedtak om at forslag til detaljregulering for Energiparken Vest vert lagt ut til offentleg ettersyn. Vedtak og politisk sak er lagt ved høyringa.

Detaljreguleringsplanen legg til rette for landbasert akvakultur på Oksneset i Energiparken.

Kunngjeringsdato: 02.09.2022
Merknadsfrist: 18.10.2022
Saksnummer: 20/8271
Arealplan-ID: 125920190005
Opne i plankart: Kommunekart
Plandokument: Planregisteret til kommunen
Status: Offentleg ettersyn
Gardsnamn: Blom

Informasjon om saka

Ill. Oksneset næringsområde - Energiparken - Klikk for stort bileteFøremålet med planarbeidet er å legge til rette for landbasert oppdrettsanlegg på Oksneset. I første omgang vil det vere aktuelt med eit pilotanlegg, medan det framleis er drift i masseuttaket. Dagens aktivitet med masseuttak vil halde fram til området er planert. Veg fram til kryss mellom Dalsnesvegen og Ljøsøyvegen er inkludert i framlegget. Detaljregulering vil erstatte dagens plan for Oksneset, og gjelde over detaljregulering for Naturgassparken og reguleringsplan for Mongstad gassrøyr. Tiltakshavar er Blom Settefisk AS.

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn med to alternative framlegg til plankart og føresegn. Endringa gjeld trase for ny høgspent. For alternativ A går traseen parallelt med dagens trase for høgspent, mens den for alternativ B går i den blågrøne strukturen aust i planområdet. Planområdet omfamnar området vist på kartutsnittet.

Har du merknader til planforslaget?

Grunneigarar, naboar og alle interesserte vert invitert til å komma med merknader og innspel til planforslaget.

Saksframlegg, planskildring, plankart og føresegn og ROS-analyse. Saman med resterande grunnlagsdokument, er tilgjengelege i planregisteret til kommunen.

Eventuelle merknader og innspel kan formidlast kommunen som:

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 18.10.2022

Generelle opplysningar

Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Kommunen svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.

Vi ber om at De ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt referansenr 20/8271.