Høyring – Ny forskrift om politivedtekt for Øygarden kommune
Øygarden kommune handsame framlegg til ny lokal forskrift som gjeld politivedtekter samla i heile kommunen. Dei lokale politivedtektene gir føresegner for utøving av polititenestene i kommunen. Det kan i lokale politivedtekter gis føresegner om høve som er omfatta av politilova § 14.
Formannskapet i Øygarden kommune vedtok 07.05.24 at framlegg om at politivedtektene vert lagd ut til offentleg høyring. Høyringsfristen var då to månadar, men minimumsfristen er seks veker.
Kommunestyret skal handsama framlegget til politivedtektene i desember.
Offentlege og private får høve til å uttale seg om forskrifta før den blir vedteken.
Dokument
Sjå vedlagte dokument for utfyllande informasjon:
Merknadar
Eventuelle merknadar og innspel kan sendast til kommunen:
Høyringssvaret kan sendast på e-post til postmottak@oygarden.kommune.no
Merk høyringsuttalen med “nye politivedtekter i Øygarden kommune”. Merknadsfrist er 12.12.2024.
Publisert 07.11.2024 14.04