Kunngjeringsdato: 10.03.2023
Merknadsfrist: 04.04.2023
Saksnummer: 20/11964
Arealplan-ID: 124520170003
Opne i plankart
Plandokument
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Kausland
Kort om planen
Planen legg til rette for etablering av ny skule, barnehage, idrettsområde og bustadområde m.m. i Spildepollen. Intensjonen er å utvikle Spildepollen til eit lokalsenter med bustader og offentlege og private tenester.
Sund kommunestyre vedtok den 13.08.2018 planen (planid: 124520170003) med eit delområde untatt rettsverknad pga. motsegn. Statsforvaltaren hadde motsegn til delområde BKB som var sett av til forretning, kontor og tenesteyting. I meklingsmøte vart det avklart at det for delområde BKB og for forretningsareal BF kan vere samla maksimalt 3000 m² utnytting til desse formåla. Det måtte òg verte presisert type handel og at sentrumsstruktur ville verte stadfesta av kommunen. Kommunen har fulgt opp nemnde punkt frå meklingsmøte og Statsforvaltaren har signalisert at motsegn vil verte trekt.
Du har rett til å klaga
Som part i saka eller ved rettsleg klageinteresse, kan du senda klage på vedtaket. Klagefrist er 11.04.2023. Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven.
Eventuell klage kan sendast til: postmottak@oygarden.kommune.no,
Eller som brevpost til:
Øygarden kommune
v/ Areal- og samfunnsplan
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Klage på vedteken plan
Dokument i saka
Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister
Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.
Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.
Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med kommunen for utfyllande informasjon.
Tek du kontakt med kommunen ber vi om at du viser til saksnummer: 20/11964.