Endring nr. 6 av reguleringsplan for bustader på Straume sør, gbnr. 35/5, 58 mfl. - Straume

Øygarden kommune har med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd gjort delegert vedtak om endring etter forenkla prosess av reguleringsplan for bustader på Straume sør, gbnr. 35/5, 58 m.fl. - Straume.

Vedtaksdato: 28.11.2025
Kunngjeringsdato: 02.12.2025
Saksnummer: 24/23261
Arealplan-ID: 124620080011
Opne i plankart
Plandokument
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Straume 

Kort om planen og endringa

Planområdet ligg rett sør for Straume sentrum i Øygarden kommune, og tilkomst er via Lonavegen. Sartor storsenter ligg om lag 750 meter frå planområdet. Planområdet som endringa gjeld er planert, men er ikkje utbygd.  

Føremålet med planendringa er å sikra ei betre og meir arealeffektiv gjennomføring av utbygginga i dette området. Endringa opnar for å samle bygningsmassen i eit bygg med variert byggehøgd, og leggja til rette for betre løysingar for tilkomst, parkering og uteopphaldsareal.  

Plankart Straume sør - Klikk for stort biletePlankart Straume sør

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.

Du har rett til å klage

Eventuelle klager kan bli sendt inn via:

Vi ber om at De ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt referansenr. 24/23261.

Klagefrist er 23.12.2025.