Avgrensa høyring revidert planprogram for områderegulering Energiparken

Områderegulering for Energiparken Sør vart vedteke starta opp i utval for plan 08.12.22, sak 177/22. Planprogrammet var på høyring frå 04.01.23 til 17.02.23 og vedteke i kommunestyret 20.12.2023. Sak om revisjon av planprogrammet var fremma for 24.10.2024. 
 

Kunngjeringsdato: 18.11.2024
Merknadsfrist: 08.01.2025
Saksnummer: 2022/6642
Arealplan-ID: 462620220003
Plandokument
Plankart
Status: Høyring
Gardsnamn: Energiparken Sør

Vedtak i Plan- og miljøutvalet - 24.10.2024 - 079/24

  1. Plan- og miljøutvalet vedtek avgrensa høyring av revidert planprogram for områderegulering Energiparken Sør, planID 20220003. Revidert planprogram vil gjelde for heile Energiparken og planen vil derfor endre namn til områderegulering Energiparken.
     
  2. Ved endeleg vedtak av områderegulering for Energiparken, planID 20220003, vil planen overstyre, erstatte eller oppheve følgjande planar med eventuelle endringar for dei områder planen gjeld:
  • detaljregulering Energiparken Vest, planID 20210002
  • detaljregulering for Northern Lights II, planID 20210011
  • detaljregulering for Oksneset næringsområde, planID 125920190005
  • detaljregulering for Northern Lights I, planID 125920180001
  • detaljregulering for Naturgassparken, planID 125920150002
  • detaljregulering for Blomenuten bustadfelt, planID 125920120011
  • reguleringsplan for Blom bustadfelt, planID 125920080001
  • reguleringsplan for Gassrøyrleidning Kollsnes-Mongstad, planID 125920060011
  • reguleringsplan for Kollsnes næringspark, planID 125019970002.
  • reguleringsplan for 300kv jordkabel, planID 125919970001
Figur 1 Plangrense for nytt og tidlegare område. Nytt område vist i raud stipla linje - Klikk for stort bileteFigur 1 Plangrense for nytt og tidlegare område. Nytt område vist i raud stipla linje

Energiparken er ein av Noregs største næringsparkar og ligg nordaust på Blomøy om lag 5 minutt køyretur frå Rong. Næringsparken heit tidlegare Naturgassparken og før det igjen Kollsnes næringspark. I dag finn ein selskap som m.a. MOWI, Gasnor, BKK, CCB Energy og Northern Lights innanfor næringsparken. Det er særskild dei grøne satsingane i Energiparken, t.d. Northern Lights med karbonlagring, som krevjer at kommunen saman med næringslivet tek ei aktiv rolle i vidare planlegging i Energiparken. Det er stor interesse for Energiparken både nasjonalt og internasjonalt. For å legge til rette for etableringar som stetter opp om den grøne omstillinga er det naudsynt med gode og riktige næringsareal tilgjengeleg.

Områderegulering Energiparken er ein offentleg plan og det er kommunen som styrer prosessen. Revidert planprogram vert no sendt på avgrensa høyring. Med det ber kommunen om innspel til det som er endra og nytt etter førre utgåve av planprogrammet. Dette skal komme tydeleg fram i planprogrammet der det er lagt til to nye kapittel i raud tekst. Dei merknader som kom inn til førre versjon av planprogrammet er svart ut ved vedtak av dette og vert tatt med vidare inn i arbeidet med planforslag.

Den utvida delen av planområdet vil ha konsekvensutgreiingstema og konsekvensutgreiings-metode i tråd med det som er skildra i opphaveleg planprogram. M1941 vil nyttast som metode for heile planområdet, som skildra i innleiing til revidert planprogram.

Kommunen vurderer det ikkje som ei vesentleg endring av planprogram og planområde all den tid dei nye areala enten allereie er under planlegging i andre planprosessar, eller heilt nyleg har fått vedtekne reguleringsplanar. Meir om dette i planprogram under kap. 1. og i den politiske saka under avsnittet Vurdering.

Det reviderte planprogrammet har og vore presentert for utval for plan og miljø den 24. okotober 2024 (videoformat).

Harmonisering av planar - Energiparken - Klikk for stort bileteHarmonisering av planar - Energiparken

Merknader

Det er opning for å komme med merknader endringane i planprogrammet.

Høyringsfrist for merknader er sett til onsdag 8. januar 2025.

Eventuelle merknader og innspel kan formidlast kommunen som:

Me ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt referansenr. 22/6642.

Planprogram, varslingsdokument og planområde er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister. 

Folkemøte

Det vert arrangert folkemøte i samband med offentleg ettersyn av planforslag for områdereguleringa våren 2025. For spørsmål og utdjupande informasjon om revisjon av planprogrammet bes ein ta kontakt med sakshandsamar for områdereguleringa.