Individuell plan (IP)

Kven kan få tilbodet?

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få koordinator og/eller utarbeida ein individuell plan dersom dei ønskjer det. Planen skal vere eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Alle som ønskjer koordinator/ein individuell plan må sende førespurnad  om det til Koordinerande eining.

Slik sender du førespurnad

Du kan kontakte kommunen ved å sende ein skriftleg førespurnad  til koordinerande eining dersom du ønskjer at slik plan blir utarbeidd.

Førespurnad om Individuell plan/koordinator (PDF, 134 kB)

Send skjema til:
Øygarden kommune - Koordinerande eining
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Kva skjer vidare?

Koordinerande eining vil både vurdere førespurnaden og ta stilling til kva tenestestad som skal oppnemne koordinator. Koordinerande eining er leia av leiar for fysio/ergoterapitenesta i Øygarden kommune og held til i Terapisenteret på Straume.

Er du i kontakt med kommunalt tilsette innan skule, helse eller sosiale tenester, skal alle kunna rettleia deg vidare.

Klage

Det er retten til koordinator/ individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du også klage på det. Klagen sender du til koordinerande eining.

Generell informasjon

Koordinerande eining i Øygarden kommune er ei faggruppe, sett saman av representantar frå fleire fagavdelingar som har oppgåver knytt til koordinering og individuell plan. Koordinerande eining vil både vurdere førespurnaden din og ta stilling til kva tenestestad som skal oppnemne koordinator.

Vi nyttar eit elektronisk verktøy for Individuell plan, levert av ACOS. Alle nye planar vert utvikla i dette programmet. 

Tryggleik

Alle som får tilgang til elektronisk IP må logge seg på med unikt brukarnamn, passord og eingangspassord via sms for kvar pålogging. Dette er den same type pålogging som ein nyttar på nettbank - og like trygt. Vi stiller også krav om personnummer for alle deltakarar for å sikre at ein ikkje blandar personar med same namn. Alle som skal ha tilgang til elektronisk IP får ei grunnopplæring som mellom anna fokuserer på tryggleik og i tillegg vil alle som skal vere koordinator få ei grundigare opplæring.

Lover og reglar

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00