Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Parkeringskort (HC-kort)

Du kan søkja om parkeringsløyve (HC-kort), dersom du som bilførar eller passasjer har eit særleg behov for parkeringsplass tilknytt til bustad, arbeid og anna aktivitet.

Søkjarar med begrensa gangevne og som har problem med å finne parkering tett ved bustad, arbeidsplass og behandlingsinstitusjonar har prioritet ved tildeling av parkeringsløyve. 

Krav og kriterier til søkjar

Kriterier

Prioritering av søkjarar

Søkjarar som har rullestolheis eller rampe i bilen vert prioritert. Etter forskrifta skal behov for parkeringslette i samband med arbeid eller bustad leggjast vekt på. I tillegg er det forvaltningspraksis på at det med «anna aktivitet» meinast søkjarar som har regelmessig helserelaterte avtalar på stadar der det er vanskeleg å parkera, vert prioritert.

Kven vert ikkje prioritert?

  • Søkjarar som berre har sporadiske behov for parkeringslette
  • Søkjarar som primært har behov for parkeringslette i samband med handling og sosiale aktivitetar
  • Søkjarar som i hovudsak kan nytta ordinære parkeringsplassar eller andre alternative løsningar. Til dømes utløyser ikkje behov for handling, deltaking i sosiale aktivitetar eller problematikk knytt til bæring i seg sjølv rett til parkeringsløyve.

Slik søkjer du

Søknad med vedlegg må vera elektronisk.

Søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma

Vedlegg du må laste opp saman med elektronisk søknad:

  1. Legeerklæring
  2. Kopi av gyldig legitimasjon (søkjer som passasjer)
  3. Kopi av gyldig førarkort (søkjer som bilførar)
  4. Bilete av deg i passfotoformat av ny dato

Saksbehandling

Parkeringskort (HC-kort)

Kor kan du parkera med parkeringskort?

Ved parkering skal kortet liggja godt synleg bak frontruta for kontroll.

  • På reserverte offentlege parkeringsplassar for forflyttingshemma
  • På avgiftsbelagde offentlege parkeringsplasser utan å betala avgift
  • På offentleg parkeringsplass med skilta tidsavgrensing frå 30 minutt og oppover med inntil dobbel tid. Dette gjeld ikkje på parkeringsplassar for forflyttingshemma med oppgitt tidsavgrensing.
  • På stader der det er innført bustadsoneparkering

Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00