Eitt av aktivitetstilboda det vert gjeve transportstøtte til, er «Kunst for vaksne» som har oppstart 22. september med totalt 11 kursdagar fram til desember. Dette er eit gruppetilbod til deg som ønskjer å ha eit grunnkurs i teikning, maling, grafikk i ulike teknikkar.
Tid | Stad
Torsdagar kl. 12.00-13.30 | Stad: Atelieret 2 et., Liljevatnet (Arefjordvegen 290), Knarrvika
Les meir og meld deg på her
Det vert undervisning desse datoane:
- September: 22. og 29.
- Oktober: 06., 20. og 27.
- November: 03., 10., 17. og 24.
- Desember: 01. og 08.
Pris
Kunst for vaksne kostar kr. 1 250.
Om tilbodet
Dette er eit gruppetilbod for nybegynnarar innan visuell kunst der teikning og maling står sentralt, og om deltakarane ønsker å prøve på karamikk vil vi óg jobba med dette. Vi treng minst 2 påmelde for å gjennomføra dette kurset. Maks antall deltakarar er 8.
Stemninga i atelieret er viktig, her skal alle føla seg trygge og velkomne til å kasta seg ut i kunstnarlege prosessar, tôra å «gjera ting vi ikkje kan».
Ingen forkunnskapar er nødvendige, men ein bør lika å skapa. Vi tilpassar undervisninga etter den enkelte, og gruppene er delt inn etter alder. Prosessen; gleda og lærdommen i det å utforska og reflektera er viktigare enn eit ferdig resultat!
Lokalet er tilrettelagt for funksjonshemma: Heis, breie dører med låge dørkarmar. Dei fleste bord og benkar på Atelieret er lett flyttbare. Det er parkeringsplass rett utanfor bygget» På dette kurset kan ein melde frå om ein trenger hjelp med transport.
Kurshaldar
Sølvi Dahle
Forslag til aktivitetar
Dersom du har forslag til aktivitetar det bør gjevast transportstøtte til, kontakt Frivilligsentralen, frivillig@oygarden.kommune.no