Stress mindre med mindfulness

Kurset går over seks dagar, to timer per gang.  Kurset legg i hovudsak opp til trening gjennom praktiske øvingar. Dette fordi ein tenkjer at vi  lærer best gjennom eigne erfaringar. Øvingane blir supplert med noko teoretisk undervisning.

Innhald

Kurset har som mål å gjere deltakaren meir bevisst på situasjonar og egne reaksjonar som løyser ut  ubehag og stress. Trening på å ha fokus på kor merksemda vår er har vist å ha dokumentert effekt på stressrelaterte plager.

Med kurset forsøker vi å styrke den ibuande evna vår til merksamt nærvær. Merksamt nærvær kan definerast som auka merksemd  på det som skjer i augeblikket  med ei open, ikkje dømmande haldning.

Du trenger å ta med egen matte til øvingane på og gjerne eit pledd. Om du ønsker kan du også ta med deg ei pute. Lause kler kan være en fordel.

NB! Best utbytte av kurset blir det når deltakaren arbeider med øvingane på eigehand mellom kursdagane.

Målgruppe

Personar som opplevar stress i kvardagen og som ønskjer å utvide toleransen for det.

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding

Fyll inn og send inn søknadskjema

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.

Evaluering av kurs

Her finn du evaluering av kurset Aksept for det som er

Kurs- og aktivitetskalender

Datoar for neste kurs finn du i vår kurs- og aktivitetskalender.

Klikk her for kursoversikt