Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Kommunepsykolog

Kva tilbyr vi?

  • Samtalebehandling ved psykiske utfordringar. 
  • Enkel utgreiing retta mot enkeltindivid eller grupper.

Kommunepsykologen har kontor på Straume helsesenter.

Kven kan få tilbodet?

Alle som har behov for samtalebehandling eller utredning. Kommunepsykologen er også tilgjengelig for alle fagpersonar i kommunen for drøfting, rettleiinga og rådgjeving.

Korleis få tilbodet?

Du kan be fastlegen, helsesjukepleiar, tilsett ved NAV, lærar eller andre du er i kontakt med om å senda ei kort tilvising til kommunepsykologen.

Slik søkjer du

Søk rask psykisk helsehjelp (PDF, 156 kB)

Send skjema til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Pris

Tilbodet er gratis.

Kva skjer vidare?

Kommunepsykologen sender innkalling til time i posten. Vi gjer merksam på at det for tida er litt ventetid. Nedanfor finn du nokre lenkjer til sjølvhjelp. Du kan også ringja hjelpetelefonen til Mental Helse 116 123.