Kva er lindrande behandling?
Lindrande behandling eller palliasjon er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med ikkje-kurativ sjukdom og avgrensa forventa levetid.
Lindrande teneste
Er eit korttidstilbod til pasientar busett i Øygarden kommune og varer i snitt 10-12 dagar.
Tilbodet skal kunne hindre sjukehusinnleggelse og/eller forkorte liggjetid i sjukehus. Målet er at pasientar og deira pårørande skal få så
opptilmalt tilbod som råd er, med høgast mogeleg livskvalitet og tryggleik.
Vi ønskjer å leggja til rette for at ein kan bu heime eller få behandling så nært heimen som mogeleg.
Vi har eit heilskapeleg fokus og tilbyr lindring av smerte og andre fysiske plager, i tillegg til tiltak retta mot psykiske, sosiale og åndelege/
eksistensielle problem.
Tilsette og kompetanse
Vi arbeider tverrfagleg og staben i avdelinga består av lege, sjukepleiar, helsefagarbeidar, fysioterapeut og ergoterapeut.
Vi samarbeider med spesialister frå Palliativ Team i Helse Bergen, din fastlege, kreftkoordinator og heimetenesta, hjelpemiddellager.
Ved behov tek vi kontakt med musikkterapeut, sosionom, diakon, prest, psykolog, helsesjukepleiar og skule.
Henvisning
Fastlege eller sjukehuslege kan søkje om opphald i lindrande teneste ved intermediær avdeling.
Fasilitetar
- Einerom med eige bad i trivelege lokale
- TV og trådlaust internett på alle rom
- God heimelaga mat
- Høve til besøk heile dagen
Besøkstid
Det er høve til å ha besøk heile dagen.
Kantine
Kantina i 1. etasje er open frå kl. 10.00-13.30 på kvardagar.
Brosjyre
Lindrande behandling (PDF, 2 MB)