Øygarden lokalmedisinsk senter
Øygarden lokalmedisinsk senter (LMS) er lokalisert i helseområdet på Straume i Øygarden.
Samarbeidspartnarar er Helse Bergen og Vestland fylkeskommune (tannklinikk).
I lokalmedisinsk senter finn du:
Informasjon til nye pasientar
Gjeld for pasientar ved korttidsplassar og Øyeblikkelig hjelp (ØH).
Alle bruker namneskilt, slik at du ser kven vi er; om det er hjelpepleiar, sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, assistent eller lege. For det meste er det erfarne helsearbeidarar som møter deg. Innimellom har vi studentar, lærlingar og praksiskandidatar.
- ØH-pasientar har legevisitt to gonger om dagen
- Kortidspasientar har legevisitt normalt ein gong i veka. Kan vere oftare ved behov.
Hovudmåltida er lagt i desse tidsromma:
- Frukost: 08.30
- Lunsj: 12.30
- Middag: 16.00
- Kveldsmat: 19.00
- Tilbod om ekstra kveldsmat før natt etter ønskje
På laurdag er det eigne tider. Det er graut kl. 13.30, «kaffemat» kl. 15.30 og varm kveldsmat kl. 18.30.
Har du spesielle behov, passer vi på at du får tilpassa kost.
For opphald i kortid- eller rehabiliteringsseng koster det pr. dags dato kr. 185,- døgnet. ØH-seng er gratis.
Ønskeleg at besøk finn stad mellom kl. 11.00 – 20.00. Døra i 1. etg stenger kl. 19.00. Ved spesielle behov legg vi til rette for besøk heile døgnet.
Fotpleiar kan bestillast ved behov.
Frisøren held til ved Fjell sjukeheim. Ved timebestilling kan vi følge til frisør.
Kantina er open frå kl. 10.00-13.30 på kvardagar.
Kvar måndag har vi tverrfagleg måndagsmøte, der vi sett forslag til utreisedato. Når du kjem til avdelinga, vil personale eller lege har dialog med deg om kor lenge du treng vere her for å komme deg trygt tilbake til heimen.
Inntaksmøte er kvar torsdag. Det er inntaksmøte som gjer vedtak om kor lenge opphalde skal vare. Du vil få vedtak om dette, om opphaldet varer meir enn 14 dagar.
- At du fortel oss kva som er viktig for deg, for at vi skal hjelpe deg på best mogeleg måte og gje god oppfølging.
- At du gjer oss beskjed når du går frå avdelinga.
- Det er ikkje lov å røykje inne. Berre røyking på tilvist plass ute.
- At besøk venter på pasientrom under måltida, slik at det blir ro på spisestova.
- At du fyller ut evalueringsskjema før utreise.
- LMS kortid 2. etasje 56 12 22 20
- LMS korttid 3. etasje Vest 55 09 74 39
- LMS kortid 3. etasje Nord 55 09 62 25
- LMS kortid 3. etasje Sør 55 09 74 25
- ØH pasientar 3. etasje 55 09 74 54
Sist endra 10.03.2023 08.01