Tilsyn med barnehagebarn og elevar i påskeferien

Det vert tilsyn for barnehagebarn og elevar i Øygarden kommune i påskeferien. Dette gjeld barn av personell i samfunnskritiske funksjonar og barn med særlege omsorgsbehov.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. Mostphotos  

 

Tilbodet inneber ikkje undervisning/ pedagogisk tilbod som vanleg, men tilsyn.

Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane seier at Oppvekst ved barnehagar og skular, har kartlagt behovet for tilsyn med barn/elevar i påska. Dette er i tråd med dei nasjonale retningslinjene for påska og det som gjeld kriteria for tilsyn. Dei som har meldt inn behov, vil få tilsyn også i påskeferien. Dei får dette i barnehagen eller skulen dei pleier å vere i.

- Oppvekstleiarane vil alle vera tilgjengelege for føresette med nøkkelroller, dersom desse skulle verta kalla ut ekstra i påskehelga. Dette gjeld også om barnevernet, PPT, politi eller helse melder om at det er fleire barn som av særlege grunnar treng tilsyn.