Økonomiske tips og råd frå NAV

Her er nokre tips og råd frå NAV Øygarden til alle som har ein vanskeleg økonomisk situasjon no. Når det gjeld kva du økonomisk absolutt ikkje bør gjere no, er kanskje det viktigaste rådet å unngå å ta opp meir lån eller å betale rekningar med kreditt.

Dersom du har behov for økonomisk rådgiving kan du ta kontakt med NAV Øygarden på telefon 55 55 33 33 eller NAV Gjeldsrådgiving – økonomirådstelefonen i NAV, telefonnummer 55 55 33 39.

Klikk for stort bilete

Lån og kreditt

  • Ikkje prøv å løyse krisen ved å ta opp meir lån. Ikkje betal rekningar med kreditt
  • Kan du få samla, eller betre vilkår på lån som du har? Ring banken for å høyre om muligheiter
  • Har du gjeldsforsikring? Sjekk i så fall denne no
  • Ser du at du ikkje klarer å betale rekningar til forfall, eller viss du har fått inkassosaker, ta kontakt tidlegast mulig med leverandør/inkassoselskapet, og fortell dei om din situasjon og planen du har satt opp for når du skal betale
  • Søk avdragsutsetting på bustadlån. Ta kontakt med din bank
  • Søk rente og betalingsutsetting viss du har studielån i Statens lånekasse

Unødige utgifter

  • Sei opp unødvendige abonnementa og eventuelt dobbeltforsikringer
  • Sjekk muligheit for billegare telefon-, breiband-, forsikring- og straumabonnementa. Sjå heimesida til Forbrukerrådet for oversikt over dei billegaste tenestene
  • Vurder sal av bil. Hugs alle utgiftene som bilen medfører
  • Vurder sal av ting du ikkje har bruk for (dette for å skaffe ekstra pengar/likviditet). Finn.no kan nyttas, vis varsomheit og følg Finn.no sine smittevernregler ved kjøp og sal for å unngå smitte

Planer, budsjett og rekningar

  • Ta ein gjennomgang av den nye situasjonen. Sett opp budsjett, og lag ein plan når du kan betale utgift det ikkje er dekning for i denne månaden. Set av feriepengar og skatt til gode til rekningar du eventuelt ikkje får betalt no
  • Sjekk om du har krav på bustønad
  • Ved trekk i løn og delvis permittering, må permitteringsvarsel sendes namsmyndighet
  • Bidragspliktige bør søkje om redusert underhaldsbidrag
  • Kontroller at skattetrekket er riktig. Kanskje du betaler for mykje skatt no
  • Sett opp budsjett, og følg det
  • Dersom du ikkje allereie har ein buffer, lag rom for dette i budsjettet ditt

Kva rekningar bør betalast først?

  1. Husleige og fellesutgifter til burettslaget/kommunale avgifter på bustad
  2. Bustadlån
  3. Straum
  4. Mat
  5. Barnehage/SFO
  6. Barnebidrag
  7. Telefon/internett
  8. Naudsynt transport
  9. Forsikringar
  10. Andre rekningar

Permitteringar

  • Du som er permittert kan ha rett til dagpengar – gå inn her og registrer deg som arbeidssøkjer og søk om dagpengar
  • Regjeringa har publisert pressemeldinga: Slik blir endringene i permitterings- og dagpengeregelverket. Endringane kan gje deg rett til dagpengar, sjølv om du ikkje oppfyller vilkåra slik dei er beskriven på nav.no i dag
  • Du bør derfor registrere deg som arbeidssøkjer og søkje om dagpengar dersom du har blitt permittert, sjølv om du er usikker på om du har rett til dagpengar