Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Har du behov for å ta koronatest?

Kontakt Sotra legevakt på tlf. 116117 og bestill time for testing.

Er du usikker om du bør testa deg? Gå inn på «Koronasjekk» på helsenorge.no

Sjølve testinga vert gjort ved Sotra Arena.

Etter testing

For deg som allereie er testa, er det viktig at du følgjer dei råda du fekk då du vart testa. Prøvesvaret vert vist på Helsenorge.no når prøven er ferdig analysert.