Bruk av idrettshallar

Basert på tilrådingar frå Helsedirektoratet og køyrereglar frå Norges Idrettsforbund, har Øygarden kommune utarbeidd reglar for bruk av idrettshallar. Reglane nedanfor vert trykt opp som plakat og hengt opp i dei aktuelle hallane.

Ill. Sotra Arena - Klikk for stort bileteSotra Arena  

Dersom det vert registrert brot på reglane, kan hallane verta stengde på kort varsel.

  • Sjuke personar skal ikkje delta på aktivitet i hallane.
  • Det skal til ei kvar tid leggjast til rette for god hand- og hostehygiene og forsterka reinhald.
  • Alle deltakarane skal halda avstand på minst eín meter (ingen fysisk kontakt).
  • Det må utarbeidast eigne rutinar for forsterka reinhald.

Handhygiene skal utførast som eit minimum slik:

  • Før og etter aktiviteten
  • Ved skifte av aktivitet
  • Før og etter bruk av felles utstyr
  • Etter toalettbesøk
  • Etter hosting/nysing
  • Etter snyting/tørking av snørr
  • Før og etter eventuelle måltid

Grupper

  • Ei treningsgruppe kan vera på maksimalt 20 personar inklusive trenar.
  • Dersom storleiken på hallen tillét det, kan treninga organiserast med fleire grupper, men med maksimalt 50 personar i ein hall.
  • For barn til og med 4. trinn, vert det tilrådd faste grupper med redusert tal (fem-ti personar). Dette reduserer talet på nærkontaktar.

Andre reglar

  • Unngå deling av drikkeflasker og mat.
  • Det skal ikkje nyttast fellesgarderobe/fellesdusjar.
  • Styrkerom skal ikkje nyttast.
  • Bruk alternativ transport til kollektivtransport til og frå aktiviteten.
  • Idrettsklubbane kan ha eigne reglar (innanfor rammene frå styresmaktene).

Ved aktivitet for barn og unge, skal minst eín vaksenperson vera til stades for å sjå til at aktiviteten er i samsvar med tilrådingar frå helsestyresmaktene.

Aktivitetane skal gjennomførast i samsvar med fellesidrettslege tilrådingar frå Norges idrettsforbund og Helsedirektoratet. Dei enkelte idrettsgreinene skal følgja koronavettreglane til særforbunda.

Dei som skal tinga lokale/hall skal nytta Aktiv kommune :