Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du oppdatert informasjon om koronaviruset i Øygarden kommune

Ein ny smitta i Øygarden

Det er påvist koronasmitte hjå eín ny person frå Øygarden kommune. 

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll.

Totalt er 120 personar i Øygarden i karantene som ein konsekvens av fire personar som er i isolasjon på grunn av smitte.

Eit jentefotballag på 12 personar er sett i karantene etter at dei spelte mot eit lag frå ein annan kommune der ein av spelarane hadde påvist koronasmitte.

Assisterande smittevernlege Bjørg Møllerløkken seier at smittesporinga er fullført. Ho understrekar at alle som skal ha varsel om karantene, har fått melding om det.

Så langt er det 66 personar frå Øygarden som har fått påvist koronasmitte.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at på møtet i den kommunale kriseleiinga på fredag vil kommunen vurdera om det er nødvendig med ytterlegare tiltak knytt til blant anna arrangement.