Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Hjelpemiddel

Den som har varig skade eller sjukdom kan ved behov søke Nav–hjelpemiddelsentral om utlån av hjelpemiddel.

Kortvarig behov

Treng du låne hjelpemiddel for ein kort periode (opptil 3 mnd) kan du låne frå det kommunale hjelpemiddellageret.

Varig behov

Har du varig behov, kan ergo- eller fysioterapeut hjelpe deg med å skrive søknad til NAV – Hjelpemiddelsentralen.

Informasjon om Hjelpemiddelsentralen hos NAV
Akutt reparasjon av varige hjelpemiddel

Pris

Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov, eigenandel for krykkjer.

Hjelpemiddel ved varig behov blir dekt av folketrygda, viss ein får søknaden innvilga.

Hjelpemidlar frå korttidslageret

  • Dusjstol
  • Arbeidsstol/kontorstol
  • Krykkjer - depositum
  • Manuell rullestol
  • Rullator
  • Toalettforhøgar med og utan armlene

Tilpassing/opplæring i bruk av hjelpemiddel vert gjort av personell i kommunen.

Høyrselshjelpemiddel

I kommunen har vi høyrselskontaktar og ein hovudhøyrselkontakt. Brukarar som har høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel, kan få hjelp til opplæring, stell og vedlikehald av hjelpemidla.

Hovudhøyrselskontakten sitt arbeidsområde er å vera bindeleddet mellom høyresentralen, hjelpemiddelsentralen og dei kommunale høyrselskontaktane.

Har du behov for høyrselstekniske hjelpemiddel eller andre hjelpemiddel kontakt ergo-/fysioterapitenesta.

Ansvar ved lån

Når du låner tekniske hjelpemiddel har du ansvar for:

  • Å få nødvendig opplæring
  • Føreta vedlikehald som vask og ettersyn
  • Levera tilbake hjelpemidla du ikkje treng lenger
  • Gje beskjed om uhell og nesten ulukker
  • Reparasjon (ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta)