Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til heimebuande som allereie mottek tilbod frå heimesjukepleien. Tilbodet gjeld deg som har behov for opptrening etter nyleg funksjonsfall og som strever med å meistre aktiviteter som er viktige for deg i kvardagen.

Det er eit målbasert tilbod der du saman med fagpersonar set deg mål som vil gje deg auka sjølvstende i kvardagen.

Kven kan få tilbod?

Tilbodet gjeld deg som er heimebuande, har heimesjukepleie og har behov for opptrening etter eit funksjonsfall. Du må vere motivert for treninga, ha klåre og tydelege mål og vere motivert for å gjere ein innsats for å nå måla dine.

Søk om kvardagsrehabilitering

Søk om kvardagsrehabilitering ved å bruke søknadsskjemaet for helse, omsorg og felferdstenester

Søknadsskjema (PDF, 197 kB)

Utfylt og signert skjema sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Pris

Kvardagsrehabilitering er gratis.