Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Avtalefysioterapeutar

Kommunen har avtale med 8 fysikalske institutt med avtalefysioterapeutar med og utan driftstilskot. Du tar direkte kontakt med dei fysikalske institutta for å avtala tid. Du får dekka deler av behandlinga gjennom folketrygda.

Kven kan få tilbodet?

  • Du som treng fysikalsk behandling, og som er i stand til å koma deg til fysioterapeut på eit institutt.
  • Du som treng hjelp frå fysioterapeut, men ikkje kjem deg til eit institutt.

Dersom du kan forflytta deg ut av heimen, men av ulike årsaker har vanskar med å koma deg til fysioterapeut (til dømes med bil eller rutegåande transport) kan du ha rett på tilrettelagt transport. Instituttet eller avtalefysioterapeuten du kontakter vil informera deg om dette. Informasjon finst også på heimesida til pasientreiser

Må du ha fysioterapi i heimen, send søknad om fysioterapi her

Kva kan du få hjelp til?

Fysioterapeutane gjev behandling og trening til innbyggjarane. Dei held også diverse kurs, som t.d. artroseskulen.

Slik søkjer du

Du tar direkte kontakt med dei fysikalske institutta for å avtala tid.

Prisar

Du betaler ein offentleg fastsatt eigendel på behandlingane hjå ein avtalefysioterapeut, til du har opptjent rett til frikort. Fra 1. januar 2018 treng du ikkje lenger tilvising frå lege, kiropraktor eller manuellterapeut for å få dekt delar av behandlinga.

Barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade må ikkje betala for behandling hos fysioterapeut.

heimesida til helsenorge og heimesida til Norsk Fysioterapiforbund finn du meir informasjon om betaling og eigendelar.

På nokre av dei fysikalske institutta kan det jobba fysioterapeutar som ikkje har driftsavtale med Øygarden kommune (heilprivate fysioterapeutar). Dersom du går til behandling hjå ein heilprivat fysioterapeut, dekkjer du heile behandlinga sjølv. Dette vil du få informasjon om når du tar kontakt med eit institutt eller ein fysioterapeut.