Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Treningstilbod til kreftramma

Sprek og Blid Sotra har ulike treningstilbod til kraftramma i Øygarden kommune. Tilboda gjeld Sprek og Blid Straume, Ågotnes og Skogsvåg.  

Pusterommets venner

Eit tilbod til deg som har eller har hatt kreft som ønskjer å trene og treffast for ein prat. Pusterommets venner er eit samarbeid mellom kreftpasienter og kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) på Haukeland universitetssykehus. Tilbodet inneber eigentrening og trening i gruppe 1 time i veka på Sprek og Blid Straume. Gruppetima blir leia av fysioterapeut.

Pris

Tilbodet kostar kr. 290,- per månad. Ingen bindingstid.

Tid og stad

Onsdagar kl. 18:00-18:45 på Sprek og Blid Straume.

Påmelding

Send e-post til fysioterapeut Elin: Elin@sprekogblid.no eller meld deg på direkte i resepsjonen på Sprek og Blid. 

Arrangør

Sprek og Blid Sotra i samarbeid med Pusterommets venner.


Biocircuit for kreftramma

Eit tilbod til deg som ønskjer å trene eigentrening med tett oppfølging av trener. Ditt program blir tilpassa deg og din helsesituasjon. Du vil óg få ein oppfølgingssamtale med fysioterapeut ein gong per månad.

Biocircuit er brukt til opptrening av kreftramma i land som Finland, Nederland og Tyskland. Sprek og Blid Sotra er først i Noreg med denne sirkeltreninga. 

Pris

Tilbodet kostar kr. 439,- per månad. Ingen bindingstid.

Du får høve til å teste konseptet i 14 dagar utan kostnad.

Tid og stad

Biocircuit kan du trene når du ønskjer. Du får eiga nøkkelkort til inngangsdøra og til å logge deg på til sirkeltreninga.

Sjå nettside for meir informasjon

Påmelding

For påmelding eller for å bestille testtime, send e-post til fysioterapeut Elin: Elin@sprekogblid.no, eller ta kontakt i resepsjonen på Sprek og Blid. 

Arrangør

Sprek og Blid Sotra.