Leve godt med KOLS - Få betre pust og meir energi

Ønskjer du betre pust og meir energi? Ønskjer du meir kunnskap og å treffe andre og dele erfaringar? Å leve med KOLS kan føre til store endringar i kvardagen.

Målgruppe

Kurstilbodet er for deg som:

  • Vil trene i gruppe leia av fysioterapeut i lag med andre i liknande situasjon
  • Treninga vet tilpassa kvar einskild
  • Ønskjer å snakke med andre om å leve med ein alvorleg sjukdom
  • Ønskjer å lære meir om kosthald for å meistre sjukdommen best mogleg

Innhald

  • Tilbodet er for deg over 18 år og som har KOLS eller tilsvarande lungesjukdom. Du må sjå nytte av å trene og ønskje å lære meir om å leve med sjukdommen.
  • Trening to ganger i veka med fortløpande påmelding.
  • Siste torsdag i måneden er det samtalegruppe med ulike tema. Gjennomgåande tema for gruppene er korleis du kan få best mogleg livskvalitet og fremme kvardagsmeistring.
  • Du vil kunne trene i trygge omgjevnadar, dele erfaringar og lære av andre.

Det må ha høve til å komme deg til trening og heim att sjølv. Vi kan ikkje administrere medisin for deg, så det er viktig at du kan rådføre deg med lege om eventuelle justeringar av medisin i samband med treninga.

Omfang/kursdatoar

Tilbodet går frå august til juni, med høve om forlenging. Fortløpande inntak.

  • Tysdagar kl. 11.00 - 12.00, Sprek og Blid Skogsvåg
  • Torsdagar kl. 11.00 - 11.45 Sprek og Blid Straume

Temagruppe ein gong i månaden, kl. 12.00 - 13.00 på Straume

Pris

Kr. 230,-/mnd, inkluderer mulighet til å trene frem til kl. 15 på hverdager på Sprek og Blid sine sentre i Øygarden. Betaling frå månad til månad. Ingen bindingstid.

Påmelding

For spørsmål og påmelding kontakt Friskliv og Meistring på telefon 55 09 68 50 eller send e-post til Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no

Arrangør

Friskliv og Meistring i samarbeid med Sprek & Blid Skogsvåg og Straume.

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Kurskalender

Kurs- og aktivitetskalender

Friskliv og meistring
E-post
Telefon 55 09 68 50

Adresse

Blombakkane 77,
5354 Straume