Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Friskliv og meistring

Friskliv og meistring er ein kommunal helseteneste for deg som ønskjer støtte til endring av levevanar for betre helse, og ha ein betre kvardag med sjukdom eller helseutfordringar.

Smittevernomsyn

På grunn av situasjonen med covid-19 og smittevernomsyn vil det vere avgrensa tal på deltakarar på dei ulike tilboda hos Friskliv og meistring. Dette gjeld både kurs- og treningstilbod. Det kan derfor vere ventetid på nokre av tilboda. Det kan òg skje endring av tilbod som følgje av smitteverntiltak og/eller redusert bemanning. Vi beklagar til alle deltakarar som blir påverka av dette.

Kven kan få tilbodet?

  • Vaksne som har behov for støtte til å endre levevanar for betre helse og meistre helseutfordringar
  • Vaksne som har økt risiko for, er i ferd med å utvikle, eller har utvikla sjukdom som følgje av levevanar.
  • Vaksne med samansette og langvarige helseutfordringar, kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne.
  • Familiar som har barn i alderen 8-12 år med overvekt eller fedme
  • Du som ønskjer å slutte å røyke eller snuse
  • Pårørande kan delta på kurs saman med deltakar eller på eigenhand
  • Du må bu i Øygarden kommune, og kunne snakke og forstå norsk

Kva kan du få hjelp til?

  • Livsstilsendring
  • Betre kosthald og matvanar
  • Fysisk aktivitet
  • Snus/røykeslutt
  • Meistring av helseutfordringar / kroniske belastningar
  • Leve godt med KOLS
  • Kurstilbod dersom du har eit barn med overvekt/fedme

Tilboda er gruppebasert og ein må kunne sjå nytte av å dele erfaringar og lære av andre. Tilboda erstattar ikkje individuell oppfølging frå autorisert helsepersonell.

Dei tilsette hos Friskliv og meistring er utdanna innan helse, for eksempel fysioterapi, ernæring, sjukepleie, folkehelse, kognitiv terapi og fysisk aktivitet.

Her finn du oversikt over kurstilbod | Her finn du oversikt over treningstidbod

Deltaking på kurs

For å delta på Livsstilskurs og treningane i regi av Friskliv og meistring treng du frisklivsresept som du kan få av din lege. For fleire av våre kurs kan du melde deg på direkte til Friskliv og meistring på telefon 55 09 68 50 eller på e-post Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no

Ta kontakt med oss om du er usikker på kva tilbod som vil passa deg, så finn ut av det i lag.  

Friskliv og meistring er ein kommunal helseteneste og har journalplikt. Det blir gitt tilbakemelding til fastlege etter deltaking på kurs og treningstilbod hos Friskliv og meistring.

Vi følgjer skuleruta

Sosiale medium

Følg Friskliv og meistring på sosiale medium for inspirasjon og idear for gode kvardagar:

Frisklivsresept

Prisar

Dei fleste av kursa har ein liten eigenandel. Informasjon om dette finn du under kvart enkelt tilbod.

Anna informasjon

For helsepersonell, studentar og andre

Kurskalender

 

Friskliv og meistring
E-post
Telefon 55 09 68 50

Adresse

Blombakkane 77,
5354 Straume