Røde Kors Besøksvenn

Besøksvenn er eit tilbod for menneske som av ulike grunnar ønsker meir kontakt med andre menneske. Røde Kors Besøksvenner bidrar til å gjera kvardagen lettare for einsame i alle aldrar. Dei fleste besøksvenner har éin person dei besøker fast, som regel ein time eller to i veka.

Besøksvennen og den som får besøk bestemmer saman kva dei skal gjera. Dei går turar eller gjer andre sosiale aktivitetar - eller treffest berre for å prata. Den vekentlege kaffikoppen med ein besøksvenn er ein verdi som vanskeleg lèt seg beskriva eller måla.

På nettsida til Røde Kors finn du meir informasjon