Kraftsenter for aktivitet - Way Forward

I underetasjen til Grønamyrsvegen 4 tilbyr  vi gratis aktivitetar for ungdom i alderen 14-19 år i samarbeid med Way Forward. Det er òg musikkstudio, kjøkken og høve til å låna sportsutstyr.

Om oss

Way Forward er ein ideell organisasjon som arbeider for å betra levekår for barn, unge og vaksne i det norske samfunnet. Vi bruker idrett, dans og musikk for å nå måla våre om ein aktiv kvardag for alle.  Vi samarbeider både med kommunar og klubbar, i tillegg til eigne uavhengige tiltak, for å nå fram og hjelpa flest mogleg til ei oppleving av å delta i positive fellesskap.

Mål

Vårt hovudmål er å engasjera einskildmenneske til å delta i ei aktiv fritid og skapa idrettsglede i krysskulturelle fellesskap.

Målgruppe

Alle – ikkje berre busetja flyktningar.

Faste aktivitetar

  • Leksehjelp
  • Samtalegrupper for unge gutar
  • Unggdomskafé
  • Jentegruppe

Kontakt oss

Richard Kiwanuka
Telefon: 907 38 536 | 464 46 468
E-post: Richard.kiwanuka@oygarden.kommune.no