Erfaringskafé på Øyane DPS

Siste tysdag kvar månad startar erfaringskonsulentane frå Øyane DPS opp erfaringskafe i kantina på Øygarden lokalmedisinske senter.

Vi held ope frå klokka 15.00 - 17.00. Alle er velkommen hos oss - enten du sjølv har det vanskeleg, er pårørande, er helsepersonell eller berre ønsker å komma innom for å vera litt sosial.

Kafeen er eit gratis tilbod der vi vil ha lett servering. Nokre tysdagar vil det bli halde foredrag som handlar om psykisk helse/rus.

Her vil du treffa menneske med ulik bakgrunn og egenerfaring – felles for oss alle er eit ønske om ein sosial møtestad.

Kontakt oss

Ved spørsmål, ta kontakt med Kathrine Dale Mydland på e-post kathrine.dale.mydland-aas@helse-bergen.no
Følg oss på Facebook