Basecamp er eit førebyggande tiltak for ungdom mellom 13 og 25 år på Sartor Storsenter i Øygarden kommune.
Målgruppe
Målgruppa er ungdom som oppheld seg mykje på Sartor Storsenter og som ikkje deltar i organisert ungdomsarbeid. Dette er eit rus- og kriminalitetsforebyggende tiltak. Det skal òg vera ein stad der ungdom som opplever psykiske utfordringar kan bli møtt og tatt på alvor.
Åpent hus
Vi held ope tre dagar i veka der ungdom kan komma innom, ha ein stad å vera, få seg litt mat, spela spel, gjera leksar og ha nokre vaksne å snakka med. Rundt 100 ungdommar er innom «Åpent Hus» i løpet av ei veke.
Basecamp driv i dag fleire tiltak, t.d.: Ope Hus som er eit «drop in» stad på Sartor Storsenter.
Basecamp Repro
Basecamp Repro er ein sykkelverkstad og eit redesingverksted kvar ungdom som står utan jobb- eller skuletilbod kan få arbeidspraksis fire dagar i veka på dagtid.
Medvandrerprosjekt
Medvandrerprosjektet: Eit utad-rettet arbeid med vekentlege besøk på skulane i kommunen og nærvær og oppsøkande arbeid på Sartor Storsenter.
Ungdommane får òg hjelp til å komma vidare i jobb, praksis eller skule.
På nettsida til Basecamp Sotra finn du meir informasjon
Sist endra 28.01.2021 13.22