Psyktærlig

Vinteren 2016/2017 opplevde eg at ein av vennene mine la ut på instagram at vedkommande skulle ta sitt eige liv. Veldig mange prøvde skaffa hjelp, men trass i det, overlevde ikkje personen. Det gjorde heller ikkje nærare 20 andre unge menneske eg hadde kjent som også hadde tatt sitt eige liv. 

Noko som har vore så sårt trunge i samfunnet er ei plattform der menneske kontrollert kan dela historia og erfaringa si på ein måte som ikkje skader andre eller bidrar til vedlikehald av sjukdom. 

Eg sakna konstruktiv åpenhet som bidrog til å spreia håp, erfaring, kunnskap og å bryta tabu. I tillegg lova eg meg sjølv at eg skulle gjera alt i si makt for å førebygga sjølvmord. 

Og kanskje det å følgje med på Psyktærlig, og sjå frå dei som er med der og deler historia si, at det går an  å få det betre, kan bidra til det. Derfor starta eg Psyktærlig. 

Mange ulike menneske har vore med å bygga Psyktærlig til det det er i dag, og i dag er vi 7 ulike menneske med ulike roller, som utviklar Psyktærlig og driv foreininga vidare.

Ingebjørg F. Blindheim

Nettsider

På nettsida Psyktærlig finn du meir informasjon
Følg oss på Facebook