Kors på halsen

Til deg som er barn og ungdom. Kors på halsen er eit gratis og anonymt samtaletilbod der barn og unge kan snakka om det dei har på hjartet.

Det er ikkje alltid lett å snakka med foreldre eller lærarar om kva som skjer i kroppen, ein ulykkeleg forelskelse, mobbing eller familietrøbbel. Då kan det vera godt å snakka med ein vaksen som ein ikkje kjenner frå før. Andre gonger treng ein kanskje berre nokon å dela ei positiv oppleving med.

På Kors på halsen kan barn og unge trygt og anonymt snakka både om det som er fint og om det som er vondt og vanskeleg. Ingen tema er for store, ingen tema er for små.

Kors på halsen held ope alle dagar frå kl. 14-22.

På nettsida til Røde Kors finn du meir informasjon om Kors på halsen