ANANKE - Norsk OCD forening - september 22, 2020

Treng du nokon å snakka med? Her finn du likepersonar som har erfaring og kompetanse på OCD.

Kva er tvangsliding (OCD)?

Tvangsliding inneber at ein er plaga av tilbakevendande uønskte tankar, bilde, eller impulsar som dukkar opp sjølv om ein skulle ønske at dei ikkje gjorde det. I tillegg til uønskte tankar har dei fleste tilhøyrande tvangshandlingar. Dette er handlingar som blir utført for å forhindra negative konsekvensar eller for å redusera ubehaget ein får av tvangstankane. Dei fleste menneske kan oppleva å ha tvangstankar, men for at det skal vera ei liding så må plagene knytt til tvangstankane, eller omfanget av tvangshandlingane vera så stort at det opplevast som eit hinder i kvardagen.

På nettsida til ANANKE finn du meir informasjon