TOPS - Tidleg Oppdaging av Psykose
TOPS er eit lågterskeltilbod for alle som er bekymra for at ein sjølv, venner eller familie er i ferd med å utvikla ei alvorleg psykisk liding. Tops står for «tidleg oppdaging av psykose».
Kontakt oss
TOPS, Psykiatrisk klinikk i Sandviken. Vi held til i bygg 9 ved parkeringsplassen.
Eigen inngang til høgre for hovudinngangen, det står «TOPS» på ringeklokka.
Telefon: 55 95 85 85 (måndag - fredag kl. 09.00-15.00)
Du kan ringa anonymt om du ønsker dette. Du kan òg legga igjen ein beskjed utanom desse tidene, så tar vi kontakt så raskt som mogleg - og seinast innan to arbeidsdagar.
På nettsida til Helse Bergen finn du meir informasjon om TOPS
Sist endra 28.01.2021 08.48