Seniortrim/symjing i Hjeltefjorden Arena og Symjehall

Kvar torsdag kan du velja mellom ulike aktivitetar i Hjeltefjorden Arena og Symjehall.

Gruppe med seniorar trenar i Hjeltefjorden arena - Klikk for stort bilete

Aktivitetar

Du vel sjølv kva du vil vera med på frå gong til gong.

10.30 – 11.30

  • Trim i sal ved Else Gjøen Madsen og Ramona Hellesund
  • Balansetrening i speilsal ved fysioterapeut

11.30 - 12.00

  • Sosialt treff med ei kopp kaffi i caféen.

12.00 - 13.00

Symjing i bassenget. Det er badevakt tilstade heile tida. Maks 15 personar.
NB! Symjinga er for dei som trener på trim eller balansetrening først. Dersom det er ledige plassar, kan også andre delta.

Tilleggsinformasjon

  • Ta på klede som er lette og bevege seg i. Det er mogeleg å nytta garderobe.
  • Dei som skal vera med Bente og Else på trim i sal, bør ta med eige matte og strikk.
  • Dei som skal vera med på balansetrening treng strikk. Dette kan du kjøpa i butikkar som sel dette, og velja ønska styrke/motstand. 
  • Styrkerommet er stengd under treninga.

Dato | Tid | Stad

I kalenderarrangementet finn du oversikt over datoar

Pris

Dette er eit gratistilbod drive av frivillige. Alle er hjarteleg velkomne!

Informasjon om tilbodet

Det vert gjeve informasjon frå kl. 10.10 ved inngangen.

Kontakt

Ramona Hellesund på telefon 954 05 932 eller Else Gjøen Madsen på 901 78 577.

Facebook

Følg Seniortrim Hjeltefjorden Arena på Facebook

Fotogalleri

Hjeltefjorden Arena og symjehall - Klikk for stort bilete
Balansetrening i Hjeltefjorden Arena. - Klikk for stort bilete
Balansetrening i Hjeltefjorden Arena. - Klikk for stort bilete
Balansetrening i Hjeltefjorden Arena. - Klikk for stort bilete

Dokument