Kystmuseet

Kystmuseet er et dagaktivitetstilbod tilpassa personar som har utfordringar med hukommelse/demenssjukdom, ved Kystmuseet i Rong  kvar tysdag kl. 11.00-14.00. Vil du delta?

Om Kystmuseet

Kystmuseet i Øygarden – Kystkultur frå steinalder til oljealder.

Dagaktivitetstilbodet er et samarbeid mellom Kystmuseet, PitStop og Øygarden kommune. Aktivitetar vil vere tilrettelagt av dedikert personell ved Kystmuseet, basert på Kystmuseet sine fasilitetar og tilpasse deltakarane som er med.

Aktivitetar

Det er servering av enkel lunsj og middag i løpet av dagen.

  • Robåtar tilgjengeleg; Fiske, sette teiner
  • Smie
  • Forberede måltid
  • Tur/Fysisk aktivitet
  • Handarbeid
  • Lefsebaking/lage fiskekaker
  • Sosialt samvær

*Tilbodet vil utviklast ut frå deltakarane sine ynskjer for aktivitetar

Transport

Transport t/r kan tilbys ved nærmere avtale.

Pris

Betaler for måltid.

Korleis søkja

Søk dagtilbod på Kystmuseet

Send utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2,
5337 Rong

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med demenskoordinator/demensteam, tlf.: 911 14 110.