Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Vaksinasjon november og desember

Her finn du informasjon om vaksinasjon i Sotra Arena hausten 2021. Vaksinasjonen vert gjennomført i Sotra Arena (speleflate 1 og 2) (like ved inngangen/kaféen).

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto 

Vaksinering (timebestilling)

Gjeld personar over 18 år, (fødd 2003 eller tidlegare).  

  • Onsdag 24. november kl. 09.00 - 15.00 (Pfizer)
  • Torsdag 25. november kl. 09.00 - 15.00 (Pfizer)
  • Fredag 26. november kl. 09.00 - 15.00 (Pfizer)
  • Tysdag 14. desember kl. 09.00 - 15.00 (Pfizer)
  • Onsdag 15. desember kl. 09.00 - 15.00 (Pfizer)
  • Torsdag 16. dsember kl. 15.00 - 21.00 (Pfizer)

16- og 17-åringar

Gjeld personar fødde i 2004 og 2005.

Dei som er under 16 år, må ha samtykke frå begge føresette. Det må dokumenterast dersom eín forelder har foreldreansvaret åleine, til dømes skjermbilete av informasjon på "Skattetetaten". Sjå her korleis dette kan gjerast. (PDF, 85 kB)

Etter nye føringar frå FHI blir intervall utsett frå 8 til 12 veker. Dei dette gjeld vil få SMS.

Dei som ikkje har fått tilbod om vaksine eller bestilt time, kan ringja vaksinetelefonen 56 16 00 10 (tast 2).


12 - 15 år

Det er foreldra som tek den endelege avgjerda om vaksinering av barna sine. Unge i alderen 12-15 år er ikkje helserettsleg myndige, men dei skal høyrast i avgjerder om eiga helse.

NB! Begge føresette må registrera barnet i vaksinekøen før dei møter opp til vaksinetime. 
Gå inn på denne lenkja for å registrera barnet og fylla ut samtykkeskjema
Skjemaet skal fyllast ut av begge foreldra.

Dei som har foreldreansvar åleine, må ha med seg dokumentasjon på dette når dei møter til vaksinasjon. Sjå her koleis dette kan gjerast. (PDF, 85 kB)

På vaksinasjonsdagen må eín av dei føresette følgja den som skal få vaksine.

Ungdom i denne alderen (12- til 15 år) som tidlegare har gjennomgått covid-19, vert førebels ikkje tilrådd å vaksinera seg.

Dersom barnet nyleg er vaksinert med annan vaksine, er det tilrådd å venta slik at det er minst intervall på sju dagar mellom vaksinane.

Dei som ikkje har fått tilbod om vaksine eller bestilt time, kan ringja vaksinetelefonen 56 16 00 10 (tast 2).

FHI svarer på spørsmål om vaksinering av barn 12-15 år
Les meir om vaksinasjon for barn og ungdom. (PDF, 124 kB)


Vaksinasjon med Moderna-vaksine

Dei som ønskjer å ta Moderna-vaksine, ring vaksinetelefonen, 56 16 00 10 - tast 2.


Anna informasjon

Kontakt oss for vaksinasjon


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Tast 2 for vaksinasjon

Telefontid måndag til sundag
08.00 til 11.30
12.00 til 15.00
For å unngå kø, ring gjerne etter kl 09.00.


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Legevakt
Telefon 116 117