Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Trappar ned ordinær massevaksinering

Den ordinære massevaksineringa i Øygarden går mot slutten. Dette betyr at siste høve for å nytta drop-in i Øygarden kommune er fredag 1. oktober.

Etter denne datoen er det i hovudsak berre nokre få dagar med revaksinering. Timar vert tildelt via vaksinetelefonen. Dei som treng vaksinedose på eit seinare tidspunkt på grunn av til dømes gjennomgått covid eller langvarig reise, kan ta kontakt med vaksinetelefonen for meir informasjon.

Her er informasjon om kva tid Øygarden tilbyr vaksinering.

Vi oppmodar personar som ønskjer vaksine til å anten å bestilla time via vaksinetelefonen til veke 38 og 39 eller møta på drop-in dei dagane vi har vaksinering desse vekene.

Personar som har bestilt time og ikkje har møtt opp, vil ikkje få ny innkalling. Dei må sjølv ta kontakt med vaksinetelefonen snarast for ny time.

Barn som fyller 12 år seinare i år, kan registrerast i vaksinekø no. Dei vil få tilbod om vaksinering etter at dei har fylt 12 år.

Kontakt oss for vaksinasjon


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Tast 2 for vaksinasjon

Telefontid måndag til sundag
08.00 til 11.30
12.00 til 15.00
For å unngå kø, ring gjerne etter kl 09.00.


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Legevakt
Telefon 116 117