Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Smittetal koronaviruset

Status er 503 påviste smittetilfelle (innbyggjarar) i Øygarden kommune sidan mars 2020.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Vi oppdaterer smittetal kvar ettermiddag omlag kl. 14.30. 
Siste oppdatering av smittetal: 13. juni. 

Du finn også statistikk på nettsida til Folkehelseinstituttet.

Smittetal

Veke 23 (7. juni – 13. juni)

Denne veka er det påvist eitt smittetilfelle av koronaviruset i Øygarden. Totalt har 503 personar frå Øygarden fått påvist smitte sidan mars 2020.

Pr. 13. juni er eín person i Øygarden i isolasjon på grunn av smitte.

Denne veka har 380 personar i Øygarden teke koronatest. Sist veke (22) tok 365 personar i kommunen koronatest.
 

Veke 22 (30. mai - 6. juni)

Denne veka er det påvist eitt smittetilfelle av koronaviruset i Øygarden. Totalt har 502 personar frå Øygarden fått påvist smitte sidan mars 2020.

Pr. 6. juni er to personar i Øygarden i isolasjon på grunn av smitte. 

Denne veka har 365 personar i Øygarden tekte koronatest. 

 

Tysdag 1. juni: Ingen nye smitta 


Det er ikkje påvist nye smittetilfelle av koronaviruset i Øygarden i dag, 1. juni.

Eín person er i isolasjon på grunn av smitte. 501 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

71 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

 

Måndag 31. mai: Ingen nye smitta


Det er ikkje meldt om smittetilfelle i Øygarden i dag.

Eín person er i isolasjon på grunn av smitte. 501 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

72 personar tok koronatest i dag.

Pr. 31. mai har 10 367 personar i Øygarden fått vaksine (første dose).  6 215 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.
 

Sundag 30. mai: Redusert smittetrykk i Øygarden


Det er ikkje påvist tilfelle av koronasmitte i Øygarden i dag. I løpet av siste veke er det påvist eitt smittetilfelle.

Eín person i Øygarden er i isolasjon på grunn av koronasmitte. Sidan mars 2020 har 501 innbyggjarar i Øygarden fått påvist koronasmitte.

I løpet av veke 21 (24. mai til 30. mai) er det påvist eitt smittetilfelle. I veka 20 var det påvist koronasmitte hjå fem personar.

16 personar  i Øygarden tok koronatest i dag.
 

Laurdag 29. mai: Ingen nye smittetilfelle


Det er ikkje påvist nye tilfelle av koronasmitte i Øygarden i dag, 29. mai.

Tre personar er i isolasjon på grunn av smitte. 501 innbyggjarar i Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

29 personar har teke koronatest i dag.

 

Fredag 28. mai: Eitt nytt smittetilfelle


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i dag.

Smitteveg er kjend. Fire personar i Øygarden er isolasjon på grunn av koronasmitte. 501 personar frå Øygarden har fått påvist smitte sidan mars 2020.

90 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Vaksinasjon

Pr. 28. mai har 10 352 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. 6 091  personar fått to dosar.

I veke 22 får Øygarden tildelt 333 hetteglas med Pfizer-vaksine. Dette svarar til om lag to tusen vaksinedosar. Dei fleste som får vaksinasjon i Sotra Arena den veka (3. og 4. juni), er risikogruppe sju (18-44 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar). Også nokre frå gruppe fire til seks får vaksine desse dagane.

I veke 23 får Øygarden tildelt 269 hetteglas vaksine. Dette vil gje om lag 1 600 vaksinedosar. Om lag 40 prosent av dosane går til nyvaksinering (1. dose), medan resten går til revaksinering (2. dose).
 

Torsdag 27. mai: Ingen nye smittetilfelle


Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Øygarden i dag, 27. mai.

Fem personar er i isolasjon på grunn av smitte. 500 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

49 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Vaksinasjon

I dag har 360 personar fått vaksine i Sotra Arena. Dette er personar som fekk Astra Zeneca som første dose, og prioriteringsgruppe 4, 5 og 6. Pr. 27. mai har 10 118 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 5 637 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.
 

Onsdag 26. mai: Ingen nye smitta i dag


Det er ikkje påvist nye tilfelle av koronasmitte i Øygarden i dag, 26. mai.

Fem personar er i isolasjon på grunn av smitte. 500 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

49 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Vaksinasjon

I Øygarden har ein no passert fem tusen personar som er fullvaksinerte. 5 060 personar har fått andre dose. 10 083 personar har fått første vaksinedose.

I veke 21 vert det både revaksinering og nyvaksinering. Det vert gjeve 360 dosar neste veke (27. mai). I veke 22 vert det vaksinering av om lag 1 200 personar fordelt på to dagar, 3. og 4. juni. Vaksinasjonen vil gå føre seg i Sotra Arena.

Totalt har 19 489 personar i Øygarden registrert seg elektronisk og sagt at dei ønskjer vaksine. I aldersgruppa 65 til 74 år er det 2844 personar som ønskjer vaksine (76 prosent av målgruppa). I alderen 18 til 64 år er det 16 645 som har registrert seg i vaksinekø (70 prosent av målgruppa).
 

Tysdag 25. mai: Fire dagar utan smitte
 

Det er ikkje påvist koronasmitte i Øygarden i dag. Det er ikkje registrert smitte i kommunen sidan fredag 21. mai.

Fem person i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. 500 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

92 personar i Øygarden tok koronatest i dag.
 

Måndag 24. mai: Ingen nye smittetilfelle     


Det er ikkje påvist nye tilfelle av koronasmitte i Øygarden, 2. pinsedag.

Seks personar i Øygarden er isolasjon i Øygarden på grunn av smitte. 500 innbyggjarar i Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

48 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Pr. 24. mai har 10 075 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 4 703 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.
 

Sundag 23. mai: Ingen nye nye smittetilfelle


Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Øygarden i dag, 1. pinsedag.

Sju personar er i isolasjon på grunn av smitte. 500 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

Den siste veka (20) er det påvist fem smittetilfelle. Det er det same som i veke 19.

37 personar tok koronatest i dag. Den siste veka (17. mai - 23. mai) har 434 personar i Øygarden testa seg.
 

Laurdag 22. mai: Ingen nye smittetilfelle


Det er ikkje påvist nye smittetilfelle av koronaviruset i dag.

Åtte personar er i isolasjon på grunn av smitte. 500 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

36 personar tok koronatest i dag.
 

Fredag 21. mai: To nye smittetilfelle


Det er påvist koronasmitte hjå to nye innbyggjarar i Øygarden.

For det eine smittetilfellet er smitteveg kjend, medan det er ukjend for det andre. Åtte personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. Totalt 500 personar i Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

77 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Vaksinasjon

Pr. 21. mai har 10 060 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 4 582 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.

I veke 21 vert det både revaksinering og nyvaksinering. Det vert gjeve 360 dosar neste veke. Det vert vaksinasjon i Sotra Arena torsdag 27. mai.

I veke 22 får Øygarden 333 vaksinedosar. Dette svarar til om lag to tusen vaksinedosar. Om lag halvparten går til nyvaksinering (første dose), medan resten går til revaksinering (andre dose).
 

Torsdag 20. mai: Ingen nye smittetilfelle
 

Sju personar er i isolasjon på grunn av smitte. 498 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

90 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Pr. 20. mai har 10 039 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 4 189 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.
 

Onsdag 19. mai: To nye smittetilfelle 
 

To innbyggjarar i Øygarden har fått påvist koronasmitte i dag.

Smitteveg er kjend. Ni personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. 498 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist smitte sidan mars 2020.

87 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Pr. 19. mai har 10 015 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 3 624  personar fått to dosar. 234 personar fekk vaksine i Sotra Arena i dag. Dei aller fleste var helsepersonell som tidlegare har fått første dose Astra Zeneca-vaksine.

 

Tysdag 18. mai: Eitt nytt smittetilfelle


Det er påvist eitt nytt tilfelle av koronasmitte i Øygarden, 18. mai.

Sju personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. 496 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

86 personar har teke koronatest i dag. I sist veke (10. - 16. mai) var det 419 personar i kommunen som testa seg.

 

Måndag 17. mai: Ingen nye smittetilfelle 
 

Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Øygarden i dag.

Totalt har 495 personar frå Øygarden fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

21 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Ti tusen har fått første dose

Talet på personar i Øygarden som har fått første vaksinedose, har no passert ti tusen. Pr. 17. mai har 10 005 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 3 276 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.
 

Sundag 16. mai: Eín ny smitta frå Øygarden


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i Øygarden i dag.

Smitteveg er kjend. Seks personar er i isolasjon på grunn av smitte. 495 innbyggjarar i Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

47 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Smittetrykket har gått gradvis nedover den siste tida. I sist veke (10. – 16. mai) var det påvist fem smittetilfelle. I veke 18 var det seks smitta, medan det i veke 17 var sju personar som fekk påvist koronasmitte.
 

Laurdag 15. mai: Eitt nytt smittetilfelle


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i Øygarden.

Smitteveg er ukjend. Sju personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av koronasmitte. 494 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

50 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

 

Fredag 14. mai: Eitt nytt smittetilfelle


Det er påvist koronasmitte hjå eín ny innbyggjar i Øygarden.

Pr. dato er sju personar i isolasjon på grunn av smitte. 493 personar frå Øygarden har fått påvist smitte sidan mars 2020.

Pr. 14. mai har 9 990 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 3 255 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.

Vaksinasjon
Neste veke (20) er det massevaksinasjon i Sotra Arena onsdag 19. mai. Mesteparten av vaksinasjonen er revaksinering (2. dose). I veke 21 får Øygarden tildelt 266 hetteglas med Pfizer-vaksine. Dette svarar til om lag 1 600 vaksinedosar. Mesteparten av desse dosane går også til  revaksinering.
 

Torsdag 13. mai: Eitt smittetilfelle


Eín innbyggjar i Øygarden har fått påvist koronasmitte 

Åtte personar er i isolasjon på grunn av smitte. Sidan mars 2020 har 492 innbyggjarar frå Øygarden fått påvist koronasmitte.

43 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Pr. 13. mai har 9 979 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 3 254 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.
 

Onsdag 12. mai: Ingen nye smittetilfelle
 

Det er ikkje påvist nye tilfelle av koronasmitte i Øygarden i dag.  

Sju personar er i isolasjon på grunn av smitte. 491 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

62 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Pr. 12. mai har 9 432 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. 3 092 personar fått to dosar.
 

Tysdag 11. mai: Eitt nytt smittetilfelle 


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i Øygarden i dag.

Smitteveg er kjend. Sju personar i kommunen er i isolasjon på grunn av smitte. 491 personar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

63 personar i kommunen tok koronatest i dag.

Vaksinasjon i Sotra Arena onsdag
Det vert vaksinasjon for om lag 530 personar i Sotra Arena onsdag 12. mai. Dei som får vaksinasjon, høyrer til gruppe seks som omfattar personar mellom 45 og 54 år med moderat risiko for alvorleg forløp ved koronasjukdom.

Nokre som høyrer til gruppe fire, (personar mellom 65-74 år og personar med høg risiko for alvorleg forløp ved koronasjukdom mellom 18-64 år som ikkje har fastlege i kommunen) får også vaksine. Det same gjeld nokre personar i gruppe fem, som omfattar personar mellom 55 og 64 år med moderat risiko for alvorleg forløp ved koronasjukdom.

Dei alle fleste som vert vaksinerte i morgon, får første vaksinedose.
 

Måndag 10. mai: Ingen smittetilfelle 


Det er ikkje påvist koronasmitte i Øygarden i dag.

Seks personar i kommunen er i isolasjon på grunn av smitte. 490 personar frå Øygarden har fått påvist smitte sidan mars 2020.

84 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Pr. 10. mai har 9 373 personar i Øygarden fått vaksine (første dose).  2 691 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.
 

Sundag 9. mai: Eitt nytt smittetilfelle 


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i Øygarden i dag.

Smitteveg er knytt til utanlandsreise og er kjend. Åtte personar er i isolasjon på grunn av smitte. 490 personar i Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

I sist veke (3. mai – 9. mai) vart det påvist seks smittetilfelle. Smittetalet har gått gradvis nedover sidan toppen i veke 13 med 28 tilfelle.

44 personar i Øygarden tek koronatest i dag. I sist veke (3. mai – 9. mai) vart det teke 502 testar i kommunen. Veka ført tok 690 personar i kommunen koronatest.
 

Laurdag 8. mai: Ingen nye smittetilfelle
 

Det er ikkje påvist nye smittetilfelle så langt laurdag.

Ni personar er i isolasjon på grunn av smitte.

37 personar i Øygarden tek koronatest i dag.
 

Fredag 7. mai: Eitt smittetilfelle fredag
 

Eín innbyggjar i Øygarden har fått påvist koronasmitte i dag.

Smitteveg er kjend. Ti personar er i isolasjon på grunn av smitte. 489 personar frå Øygarden har fått påvist smitte sidan mars 2020.

77 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Om lag 500 personar fekk vaksine i Sotra Arena (første dose) i dag. Pr. 7. mai har 8 887 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 2 683  personar fått to dosar.
 

Torsdag 6. mai: To nye smittetilfelle 


Det er påvist koronasmitte hjå to innbyggjarar i Øygarden torsdag.

Smitteveg er kjend for begge smittetilfella. Ni personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. 488 personar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

På Sotra vidaregåande skule fekk eín elev påvist smitte 5. mai. Vestland fylkeskommune melder at to klassar og to tilsette er sett i karantene til og med 13. mai.

97 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Den 7. mai er det massevaksinasjon i Sotra Arena.

Pr. 6. mai har 8 839 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 2 519  personar fått to dosar.

I veke 20 får Øygarden kommune 223 hetteglas med Pfizer-vaksine. Dette svarar til om lag 1 340 vaksinedosar.
 

Onsdag 5. mai: Eitt nytt smittetilfelle 


Det er påvist smitte hjå eín ny innbyggjar i Øygarden.

Smitteveg er kjend. Ni personar er i isolasjon på grunn av smitte. 486 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist smitte sidan mars 2020.

74 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Pr. 5. mai har 8 752 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 2 329  personar fått to dosar og er fullvaksinerte.
 

Tysdag 4. mai: Eitt smittetilfelle 


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i Øygarden tysdag.

Ni personar er i isolasjon på grunn av smitte. 485 personar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

81 personar tok koronatest i dag.

Pr. 4. mai har 8 723 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 2 077 personar har fått to dosar og er fullvaksinerte.
 

Måndag 3. mai: Ingen smittetilfelle 
 

Det er ikkje meldt om smittetilfelle i Øygarden i dag.

Åtte personar er i isolasjon på grunn av smitte. 484 personar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

92 personar i Øygarden tok koronatest 3. mai. I sist veke (26. april – 2. mai) var det 690 personar som tok test.

Pr. 3. mai har 8 721 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 2 076  personar fått to dosar.
 

Sundag 2. mai: Eitt nytt smittetilfelle


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i Øygarden i dag.

10 personar er i isolasjon på grunn av smitte. Totalt 484 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

Dei siste vekene har smittetalet gått gradvis ned i Øygarden. I veke 13 var det registrert 28 smittetilfelle, medan det er påvist sju tilfelle av koronasmitte i veke 17 (26. april til og med 2. mai).
Tidlegare i dag skreiv vi at det var registrert 28 smittetilfelle i veke 12. Veketalet skulle vera 13, og det er no retta opp.


Laurdag 1. mai: Ingen nye smittetilfelle i dag


Det er ikkje påvist nye tilfelle av koronavirus i Øygarden laurdag.

11 personar er i isolasjon på grunn av smitte. 483 innbyggjarar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

49 personar i Øygarden tok koronatest i dag.
 

Fredag 30. april: Ingen nye smittetilfelle


Det er ikkje påvist nye smittetilfelle av koronaviruset i Øygarden i dag.

15 personar er i isolasjon på grunn av smitte.

72 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Pr. 30. april har 8 014 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). 2 055 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.

I dag (30. april) starta Øygarden massevaksinasjon i Sotra Arena.
 

Torsdag 29. april: Fire nye smittetilfelle


Det er påvist fire nye tilfelle av koronasmitte i Øygarden.

Tre av smittetilfella har kjend smitteveg, medan eitt er ukjend. 16 personar er i isolasjon på grunn av smitte. Sidan mars er det påvist koronasmitte hjå 483 innbyggjarar i Øygarden.

103 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Pr. 29. april har 7 842 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. Pr. dato har 1 860  personar fått to dosar.

I veke 19 får Øygarden 179 hetteglas med Pfizer-vaksine. Dette svarar til om lag 1 070 dosar.
 

Onsdag 28. april: Ingen smittetilfelle 


Det er ikkje påvist koronasmitte i Øygarden i dag.

15 personar er i isolasjon på grunn av smitte. 479 personar frå Øygarden har fått påvist kornasmitte sidan mars 2020.

149 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Pr. 28. april har 7 651 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Dermed har om lag 20 prosent av innbyggjarane i kommunen fått den første vaksinedosen. Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. Pr. dato har 1 745  personar fått to dosar.


Tysdag 27. april: Eín ny smitta av koronaviruset


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i Øygarden i dag.

Smitteveg er kjend. 15 personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. 479 personar frå Øygarden har fått påvist kornasmitte sidan mars 2020.

130 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

 

Måndag 26. april: Eitt nytt smittetilfelle 


Det er påvist smitte hjå eín innbyggjar i Øygarden i dag.

Smitteveg er ukjend. 14 personar er i isolasjon på grunn av smitte. 478 personar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

139 personar i Øygarden tok koronatest i dag.

Pr. 26. april har 7 484 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. Pr. dato har 1 704  personar fått to dosar.

I veke 16 (19. – 25. april) var det registrert 12 smittetilfelle i Øygarden. I veka før (15) var det påvist smitte hjå 15 personar.

Sundag 25. april: To nye smittetilfelle 


Det er påvist koronasmitte hjå to innbyggjarar i Øygarden i dag.

Det er kjend smitteveg for begge smittetilfella. 17 personar er i isolasjon på grunn av smitte. Sidan mars 2020 er det påvist koronasmitte hjå 477 innbyggjarar i Øygarden

60 personar i Øygarden tok koronatest i dag.


Laurdag 24. april: Ingen smittetilfelle 


Det er ikkje påvist smitte hjå innbyggjarar i Øygarden så langt i dag.

18 personar er isolasjon på grunn av smitte. 119 personar i Øygarden har testa seg for koronaviruset i dag.

I går vart eit aldersbestemt fotballag i Sotra Sportsklubb sett i karantene etter smittetilfelle. 32 spelarar og fire vaksne må i karantene. Motstandarlaget frå Nest-Sotra er oppmoda om å testa seg.


Fredag 23. april: Seks nye smittetilfelle 


Det er påvist koronasmitte hjå seks innbyggjarar i Øygarden. Dette får karantenekonsekvensar for Fjell ungdomsskule og Norlandia Kårtveitpollen barnehage.

18 personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. 475 innbyggjarar i Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020. 151 personar i kommunen tok koronatest i dag.

Pr. 23. april har 7 414 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Pr. dato har 1 704 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.

Fredag 30. april vert det start på massevaksinasjon i Øygarden.

Karantene for skule og barnehage

På Fjell ungdomsskule er det påvist smitte hjå eín elev. Også i går hadde denne ungdomsskulen eitt smittetilfelle. Ein klasse på niande trinn får forlengja karantene. I tillegg må elevar i eitt valfag og eitt tilvalsfag i karantene. Totalt er 59 elevar er sett i karantene.

Som ein konsekvens av smittesituasjonen er Fjell ungdomsskule sett i raudt nivå, det strengaste smittevernnivået. Åttande og tiande årstrinn får delvis fjernundervisning og delvis undervisning på skulen. All undervisning på niande trinn vert i form av fjernundervisning. Smittevernlegen har oppmoda om at elevane held seg heime og tar test dersom dei har hatt sjukdomssymptom dei siste 24 timane.

På Norlandia Kårtveitpollen barnehage er 18 barn og fire vaksne sett i karantene til og med 1. mai etter at det er påvist smitte hjå eín tilsett.
 

Torsdag 22. april: Eitt nytt smittetilfelle i dag


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i Øygarden torsdag.

16 personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. Sidan mars 2020 har 469 personar frå Øygarden fått påvist smitte.

183 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Pr. 22. april har 7 170 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. 1 703  personar fått to dosar.

I veke 18 får Øygarden 196 hetteglas med Pfizer-vaksine. Dette utgjer om lag 1 180 dosar. Om lag halvparten av dosane går til revaksinering (dose to).

 

Onsdag 21. april: Tre nye smittetilfelle i Øygarden


Det er påvist koronasmitte hjå tre innbyggjarar i Øygarden i dag.

Smitteveg er kjend for to av smittetilfella, medan det er ukjend for det tredje. 16 personar er i isolasjon på grunn av smitte. Sidan mars 2020 har 468 personar frå Øygarden fått påvist smitte.

155 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Pr. 21. april har 6 730 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. 1 704  personar fått to dosar.

Karantene for barnehagar og aldersbestemt fotballag

På Læringsverkstedet barnehage, Valen, er 16 barn og sju vaksne sett i karantene etter at ein tilsett har fått påvist koronasmitte. Karantenen gjeld til og med 29. april. På Læringsverkstedet barnehage, Straume, er 38 barn og 10 vaksne sett i karantene etter at to barn har fått påvist smitte. Dagens smitte får konsekvens for eit aldersbestemt fotballag i Sotra Sportsklubb der 12 spelarar må i karantene.


Tysdag 20. april: Ingen nye smittetilfelle 


Det er ikkje påvist koronasmitte i Øygarden i dag, 20. april

16 personar er i isolasjon på grunn av smitte, medan om lag 65 personar er i karantene. Sidan mars 2020 har 465 innbyggjarar i Øygarden fått påvist koronasmitte.

Det er teke 80 koronatestar i Øygarden i dag.

Pr. 20. april har 6 367 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. 1 694  personar fått to dosar.

Om lag 17 tusen fem hundre personar er registrert i vaksinekø

Tysdag ettermiddag var det 17 537 personar i alderen 18 til og med 74 år som har registrert seg elektronisk i vaksinekø. Dette utgjer 64 prosent av dei som er registrert i systemet. 75 prosent av personar i alderen 65 til og med 74 år har registrert seg, medan 62 prosent av personar i alderen 18 til og med 64 år har registrert seg i vaksinekø. 111 personar i alderen 18 til og med 64 år har meldt at dei ikkje ønskjer vaksine.


Måndag 19. april: Ingen nye smitta i Øygarden kommune


Det er ikkje påvist koronasmitte i Øygarden i dag

18 personar er i isolasjon på grunn av smitte, medan 69 personar er i karantene.

Det er teke 89 koronatestar i Øygarden i dag.

Pr. 19. april har 6 366 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. 1 694  personar fått to dosar.


Sundag 18. april: Eitt nytt smittetilfelle i Øygarden


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i Øygarden i dag.

Smitteveg er førebels ukjend. 27 personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. I løpet av denne veka er det registrert 15 smittetilfelle i Øygarden. Sidan mars 2020 har 465 innbyggjarar i Øygarden fått påvist koronasmitte.

96 personar i Øygarden har teke koronatest i dag. I løpet av veka (måndag – sundag) har 737 personar i Øygarden teke koronatest.

Laurdag 17. april: To nye smittetilfelle i Øygarden


Det er påvist koronasmitte hjå to innbyggjarar i Øygarden i dag. Klassar på Fjell ungdomsskule må i karantene

Smitteveg er kjend for det eine tilfellet, medan det er usikkert for det andre tilfellet. 26 personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. Sidan mars 2020 har 464 innbyggjarar i Øygarden fått påvist koronasmitte.

49 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Klassar på Fjell ungdomsskule i karantene

Eín klasse på niande trinn, eín valfagsklasse og to mindre grupper på Fjell ungdomsskule må i karantene etter påvist smitte hjå tilsett. Ni tilsette må også i karantene. Karantenen gjeld til og med 24. april.

Av driftsomsyn får to klassar på niande trinn fjernundervisning i komande veke (16).


Fredag 16. april: Eitt nytt smittetilfelle i Øygarden


Det er påvist koronasmitte hjå eín innbyggjar i Øygarden i dag, 16. april.

Smitteveg er kjend. 24 personar i Øygarden er i isolasjon på grunn av smitte. Sidan mars 2020 har 462 innbyggjarar i Øygarden fått påvist koronasmitte.

106 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Pr. 16. april har 6 286 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. 1 694  personar fått to dosar.

I veke 17 får Øygarden 222 hetteglas med Pfizer-vaksine, (oppjustert frå i går). 222 hetteglas tilsvarar om lag 1 330 dosar. Mesteparten av vaksinen den veka går til revaksinering (dose to).


Torsdag 15. april: Ingen nye smittetilfelle


Det er ikkje påvist koronasmitte i Øygarden i dag, 15. april.

25 personar i Øygarden er i karantene på grunn av smitte. Sidan mars 2020 har 461 innbyggjarar i Øygarden fått påvist koronasmitte.

107 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Pr. 15. april har 5 914 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. Pr. dato har 1 693  personar fått to dosar.

I veke 17 får Øygarden 162 hetteglas (Pfizer). Dette utgjer om lag 970 dosar. Mesteparten av vaksinen i veke 17 går til revaksinering (dose to).


Onsdag 14. april: Ni nye smittetilfelle


Det er påvist koronasmitte hjå ni innbyggjarar i Øygarden i dag, 14. april.

Smittesporing er i gang. For åtte av tilfella er smitteveg kjend. For det siste er smitteveg usikker. Ein del av dei smitta er nærkontaktar til smitta husstandsmedlemer.

30 personar i Øygarden er i karantene på grunn av smitte. Sidan mars 2020 har 461 innbyggjarar i Øygarden fått påvist koronasmitte.

100 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Pr. 14. april har 5 344 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. Pr. dato har 1 691  personar fått to dosar.


Tysdag 13. april: Ingen nye smittetilfelle


Det er ikkje påvist nye tilfelle av koronasmitte i Øygarden i dag, 13. april. Karantenen for elevar på Stranda skule er oppheva.

22 personar er i isolasjon på grunn av smitte. 452 personar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020. 100 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.  

Pr. 12. april har 5 056 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Så langt har 1 689 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.

Opphevar karantene for elevar på Stranda skule

Karantenen for ei gruppe på 19 elevar på Stranda skule, som var sett i karantene til og med 17. april, er oppheva. Fungerande smittevernlege Bjørg Møllerløkken opplyser at nye analysar viser at det positive prøvesvaret på eín elev var knytt til tidlegare gjennomgått infeksjon.

- Eleven var difor ikkje smitteberande, og karantenen kan dermed opphevast, seier ho.

Rektor Svein Ove Hammersland opplyser at elevane kjem tilbake til vanleg undervisning frå i morgon av (onsdag).


Måndag 12. april: To nye smittetilfelle


Det er påvist koronasmitte hjå to innbyggjar i Øygarden i dag, 12. april.

Smitteveg er kjend for begge smittetilfella. 30 personar er i isolasjon på grunn av smitte.

452 personar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars 2020.

179 personar i Øygarden har teke koronatest i dag.

Pr. 12. april har 5 044 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Pr. dato har 1 689 personar fått to dosar og er fullvaksinerte.