Slik brukar du testen
Aller først
- Vask hendene eller nytt handdesinfeksjonsmiddel.
- Ha klar klokke/stoppeklokke.
- Opna posen med testbrikka (merkt med talet 1).
- Bruk testen straks etter at posen er opna.
Førebu testen
- Opna posen med reagensrøyret.
- Ta ut røyret med væske og ein korken med pipetteringsfunksjon.
- Opna forseglinga på røyret varsamt utan å søla ut veska.
- Blås ut av nasa di eín gong med eit lommetørkle.
- Ta vattpinnen ut av pakninga. Pass på å berre berøra handtaket på vattpinnen og ikkje den mjuke vatten på toppen.
Ta testen
- Når du tek testen; lén hovudet litt bakover.
- Før vattpinnen med den mjuke vatten først inn i venstre nasebor.
- La vattpinnen gli sakte to centimeter innover parallelt med ganen, ikkje oppover, til du kjenner motstand. Ikkje bruk makt.
- Roter vattpinnen fire gonger, totalt i 15 sekund, mot naseveggen før du tek han ut av naseboret.
- Gjenta prosessen i det andre naseboret med same vattpinne. Prøven må takast frå begge nasebora med same vattpinne.
- Sett vattpinnen i røyret slik at den mjuke vatten kjem ned i væska.
- Klem på botnen av røyret der enden på vattpinnen er plassert og hald godt.
- Roter med vattpinnen minst ti gonger for å overføra det biologiske materialet frå vattpinnen til væska.
- La røyret med væske og vattpinne stå i 60 sekund.
- Trekk ut vattpinnen medan du klemmer på sidene av røyret for å trekkja ut væska frå vattpinnen.
- Kast vattpinnen.
- Forsegl røyret godt med korken.
Utfør målinga
- Legg testbrikka på eit flatt underlag, Hald røyret vertikalt over den runde fordjupinga.
- Drypp fire dråpar med væske og klem sidene på røyret varsamt saman ved behov.
- Du kan halda fram med testen sjølv om det vart drypt fem dråpar i fordjupinga.
- Still klokka og les av testresultata etter 15 minutt og seinast innan 30 minutt etter utført test.
- Vask hendene dine med såpe og vatn eller bruk handdesinfeksjon etter at du har uført testen.
Tolk resultata
- Det er to bokstavar ved sida av testresultatvindauga. C er kontrollinja som viser om testen fungerer som han skal. T er testlinja som indikerer infeksjonsstatus.
- Dersom ei kontrollinje © er synleg, er resultatet gyldig
- Dersom ei testlinje (T) er synleg saman med ei kontrollinje (C), betyr det at testen fungerer og resultatet er positivt.
- Sjå nøye på resultatet: Testen skal reknast som positiv dersom to linjer er synlege, sjølv om linjene er svake.
- Eit positivt testresultat betyr at du truleg er smitta av koronasjukdom.
- Kontakt koronatelefonen 56 16 00 10 for å få meldt inn resultatet og avtalt time for PCR-test. Sjekk karantenekompass for isolasjon og karantenetid på nettsida til Øygarden kommune.
- Dersom ei kontrollinje (C) er synleg (uansett kor svak) og ei testlinje (T) ikkje er synleg, betyr det at resultatet er negativt. Då er du truleg ikkje koronasjuk.
- Sjølv om testen er negativ, bør du halda fram med å følgja alle smitteverntiltaka.
- Dersom du har mistanke om at du er smitta, ring koronatelefonen 56 16 0010.
Video
Kjelde: Helsenorge
Sist endra 27.01.2022 11.00