Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Rettleiing ved utlån av kommunale bygg og lokale

Kommunale bygg og anlegg i Øygarden er tilgjengelege for utlån og bruk. Dette gjeld også organisert bruk av symjejehallar (desse må klargjerast og opnar den 1. september).

NB! Alle symjehallane er stengde for offentleg bading ut 2020.

Kommuneleiinga tilrår at ein følgjer oppsett utlånsplan for idrettsanlegg, bygg og lokale.

Øygarden kommune gjer merksam at smittevernsituasjonen kan endra seg og at smittevernreglane eventuelt må endrast som følgje av dette.

Vi ønsker å leggja til rette for at så mange aktivitetar som mogleg, særleg for barn og unge, kan gjennomførast som normalt. Denne rettleiinga gjeld inntil ny informasjon kjem frå kommunen.

Kommunale bygg og anlegg er opne for alle aldersgrupper, men aktivitetar for born og unge under 20 år er prioriterte dersom det vert nødvendig.

Kommunale skular og barnehagar med møtelokale kan ikkje lånast ut i den tida elevane eller barnehagebarna er der.

Lokale i helsebygg og omsorgsinstitusjonar er ikkje tilgjengelege for utlån.

Følgjande retningslinjer gjeld og skal haldast

Smittevern ved utlån av kommunale idrettsanlegg, bygg og lokale

Kontakt oss om koronaviruset


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Bestilling av koronatest, spørsmål om
karantene eller isolasjon og anna.
Måndag til sundag kl. 08.00 til 15.00


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Legevakt
Telefon 116 117