Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Private og offentlege arrangement, servering

Frå og med fredag 16. april gjeld nasjonale smitteverntiltak. 

Private samankomstar og arrangement

Arrangement som samla personar frå ulike kommunar, vert tilrådd utsett eller avlyst.

Reglane for arrangement er slik:

  • Maks ti personar på private samankomstar innandørs utanom i eigen heim, som til dømes fødselsdag i leigd lokale. Maks 20 personar utandørs. Barn i same kohort i barnehage eller barneskule kan møtast med eit nødvendig tal vaksne personar som tilretteleggarar.
  • Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune (nytt med 50 for kulturarrangement).
  • Maks 100 personar på arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitteplassar.
  • Maks 200 personar på arrangement på offentleg stad utandørs utan faste tilviste plassar, men 600 personer (fordelt på 3 kohortar á 200 personar) dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meter avstand mellom kohortane.
  • Arrangøren skal setja i verk tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitteplassar. Om det er nødvendig, skal det nyttast vakthald for å sikra dette.
  • Same høve til å skjenka alkohol på arrangement som på serveringsstader.

Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkebevilling

  • Det er berre lov med skjenking ved servering av mat. Skjenkestopp kl. 22.00.
  • Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykkjer til det.

Pressemelding

På nettsida Regjeringen.no finn du meir informasjon om første trinn i gjenopningsplanen.

Kontakt oss for koronatest


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Tast 1 for bestilling av koronatest, 
spørsmål om karantene eller
isolasjon og anna.
NB! Periodevis er det stor pågang,
og det kan oppstå ventetid.

Telefontid måndag til sundag
08.00 til 11.30
12.00 til 15.00
For å unngå kø, ring gjerne etter kl 09.00.


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Legevakt
Telefon 116 117