Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Kultur og idrett

Idrettshallar, symjehallar og lokale for tilsvarande aktivitetar skal vera stengde. Dette gjeld ikkje toppidrett. Det gjeld heller ikkje skuleundervisning eller organisert trening for barn og unge under 20 år. Det er ikkje lov å arrangera kampar, cupar, turneringar og liknande for barn og unge.

Treningssenter og likande aktivitetstilbod skal vera stengde. Det same gjeld museum og liknande tilbod.

Øvingar og organiserte idretts-, kultur og andre fritidsaktitetar for vaksne er ikkje lov. Forbodet gjeld ikkje for barn og unge under 20 år.

Breiddeidrett for vaksne vert ikkje lov.