Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Registrer deg for vaksine

Her finn du informasjon om koronavaksineringa i Øygarden. Alle over 18 år som ønskjer koronavaksine, må registrera seg i vaksinasjonskø.

Korleis registrera seg for vaksine?

For å få registrera seg i vaksinasjonskø for koronavaksine i Øygarden, er det oppretta eit digitalt registreringssystem. Ettersom kommunen ikkje veit kor mange vaksinar som til ei kvar tid er tilgjengeleg, vil registreringa ikkje fungera som ei vanleg timebestilling.

Registreringa inneber å melda si interesse for vaksine. Øygarden kommune vil gje melding på SMS om kva tid det er klart for vaksinering og du kan bestilla time.

NB! Dei som har fått innkalling til vaksine frå fastlegen, skal ikkje registrera seg i vaksinekøen.

Dersom du er i ein helsesituasjon som du meiner kvalifiserer til å verta prioritert i vaksinasjonskøen utanom nasjonale retningslinjer, kontakt fastlegen din.

Registrering for vaksinekø

Registrer deg her

Fordeling av vaksiner

Det er Folkehelseinstituttet som fordeler vaksinar, og Øygarden kommune vil gje vaksinar etter kvart som det er tilgjengelege dosar.

Pris for vaksine

Vaksinasjonen er gratis.

Mengdevaksinering

Mengdevaksineringa vert gjennomført i Sotra Arena, Idrettsveien 50 på Søre Straume og i andre hallar etter kvart som det oppstår behov. Hugs å ta med legitimasjon og munnbind.

Nyttige lenkjer

Kontakt oss for registrering


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Tast 2 for registrering i vaksinekø

Telefontid måndag til fredag
08.00 til 11.30
12.00 til 15.00