Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Koronavaksinasjon

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane gratis vaksinasjon.

Ill. foto, Mostphotos - Klikk for stort bileteIll. foto, MostphotosI Øygarden starta vaksinasjonen den første veka i januar 2021. Øygarden kommune følgjer prioriteringar fastsette av dei sentrale styresmaktene. Det var bebuarar på sjukeheimar som fekk dei første vaksinasjonane. Nokre helsemedarbeidarar har også fått vaksinasjon.

Noreg får tilgang på fleire vaksinetypar. På heimesida til Folkehelseinstituttet (FHI) ligg det informasjon om distribusjon av vaksinedosar til den enkelte kommune

Fram til no er det sjukeheimsbebuarar, personar på 85 år eller eldre og helsepersonell som har fått vaksine. I veke 04 har sjukeheimsbebuarar og helsemedarbeidarar fått dose to. Frå veke (05) startar ein vaksinering (første dose) av personar i alderen 75 til 84 år. I første omgang gjeld dette heimebuande som ikkje kjem seg til lege.

Tilgang på vaksinedosar

Som ein konsekvens av at Folkehelseinstituttet har redusert beredskapslageret, har kommunane fått ein del fleire vaksinedosar frå veke 05.I kvart hetteglas er det vanlegvis seks dosar.

  • I veke 08 har Øygarden fått 65 hetteglas (Pfizer). Desse går til å vaksinera dei personane som fekk første vaksinedose i veke 05. I same veke (08) har Øygarden kommune også fått 30 hetteglas (tilsvarande 300 dosar) med AstraZeneca-vaksine. Folkehelseinstituttet opplyser at desse vaksinane skal brukast til helsepersonell.
  • I veke 09 får Øygarden 77 hetteglas (Pfizer). Mesteparten av desse dosane går til å vaksinera dei som fekk den første dosen i veke 06. Øygarden får også 10 hetteglas med AstraZeneca. Dette tilsvarar 100 vaksinedosar.
  • I veke 10 får Øygarden 52 hetteglas (Pfizer). Ein del av desse går til å vaksinera dei som fekk den første dosen i veke 07. Øygarden får også 30 hetteglas med AstraZeneca. Dette tilsvarar 300 vaksinedosar.

    I veke 09 held vi fram med vaksinasjon hjå fastlege (første dose) og andre gongs vaksinasjon hjå fastlegar og helsepersonell og andre tilsette med pleiefunksjonar.

Her er vaksinasjonskalender for Øygarden.

Pr. 2. mars har 1 984 personar i Øygarden fått vaksine (første dose). Vaksinen vert gjeven med to dosar med nokre vekers mellomrom. Pr. dato har 878  personar fått to dosar.

Prioritering av vaksinedosar

  • Bebuarar på sjukeheimar og utvalde helsepersonellgrupper
  • Alder 85 år og eldre
    Dette vert gjennomført av heimesjukepleien og via fastlegar som tek kontakt med dei som skal ha tilbod om vaksine. Også utvalde helsepersonellgrupper har høg prioritet.
  • Alder 75-84 år
  • Alder 65-74 år og personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp.
  • Alder 55-64 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar
  • Alder 45-54 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar
  • Alder 18-44 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar
  • Alder 55-64 år
  • Alder 45-54 år

Les meir på nettsida til FHI  Her er vaksinasjonskalender for Øygarden.

Her er informasjon om korleis du kan registrera deg i vaksinasjonskøen.

Det er usikkert kor raskt kommunen får vaksinane og kan tilby dei til tilrådde gruppene. Informasjon om dette vert løpande oppdatert på nettsida til kommunen.

Personar som vert prioriterte, vert kontakta for tilbod om vaksinasjon. Øygarden kommune skal nytta SMS-varsling for å gje melding om tilbod om vaksine. Dei som ikkje responderer på SMS-varsling, vert kontakta på annan måte. Også fastlegane tek kontakt og gjev tilbod om vaksinasjon for ulike prioriterte grupper.

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Aktuelle lokale ved mengdevaksinasjon er Sotra Arena, Hjeltefjorden Arena og Spildehallen. I tillegg vert det gjennomført vaksinasjon på fastelegekontor. 

Ut på nyåret og vårparten er det venta at vaksinasjonen vil få eit stort omfang. Dette medfører at det må setjast inn store personellressursar for å få gjennomført vaksinasjonsprogrammet. Kommunalt tilsette frå ulike arbeidsstader vil periodevis ta del i dette arbeidet.

Her er informasjon om koronavaksonasjon på fleire språk

På nettsida til Folhelseinstituttet (FHI) finn du meir informasjon om koronavaksinasjonsprogrammet

Kontakt oss for koronatest


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Tast 1 for bestilling av koronatest, 
spørsmål om karantene eller
isolasjon og anna.

Telefontid måndag til sundag
08.00 til 11.30
12.00 til 15.00


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Legevakt
Telefon 116 117