Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Oppfølging etter positiv test

Du har påvist koronasjukdom:

  • Sjå flytskjema for kva som må gjerast ved påvist Covid-19.
  • Du er pålagt isolering som varer i minimum 5 dagar frå du blei sjuk. Dersom du ikkje har symptom, og ikkje er fullvaksinert, gjeld isolasjon 5 dagar frå prøven blei teken. Dersom du ikkje har symptom, og er fullvaksinert, er det 2 dagar isolasjon ved positiv test. Sjå helsenorge.no for kva isolasjon inneber.
  • Du må ta ein PCR-test på teststasjon for å stadfesta prøvesvaret så raskt som mogleg. Bestill time på koronatelefonen 56 16 00 10 (open 08.00 – 15.00 alle dagar)
  • Informer dine nærkontaktar.
  • Treng du legetilsyn, ring Sotra legevakt på telefon 116 117. Informer om positiv test.

Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære til den som har testa positivt

Uvaksinerte eller personar som ikkje har gjennomgått koronasjukdom siste 12 månader vert tilrådd å testa seg i eitt av dei følgjande testregima:

  1. Dagleg sjølvtesting frå fremre nase med hurtigtest i 7 dagar
  2. PCR-test annakvar dag i 7 dagar på teststasjonen
  3. Dersom ein ikkje gjennomfører eitt av desse testregima, bør ein avstå frå kontakt med andre i 7 dagar.

Hustandsmedlemer og tilsvarande nære som er delvaksinerte: (3 – 15 veker etter 1. vaksinedose).

Desse vert tilrådd å ta ein test så snart som mogleg, hurtigtest heime eller PCR på teststasjonen. Fullvaksinerte testar seg berre ved symptom.

Andre nærkontakter (ikkje husstandsmedlemer) til den som har testa positivt

Uvaksinerte eller personar som ikkje har gjennomgått koronasjukdom siste 12 månader vert tilrådd:

  • testing så snart ein er informert om at dei har vore i nærleiken av ein smitta person, anten med hurtigtest heime eller PCR på teststasjonen.
  • eigenobservasjon av symptom i 10 dagar etter ein sist var utsett for smitte
  • låg terskel for ny testing ved symptom

Andre nærkontakter som er delvaksinerte, fullvaksinerte eller har gjennomgått covid-19 siste 12 månader bør ikkje å testa seg så lenge dei er friske.

Hurtigtestar

Hurtigtestar kan hentast i testteltet ved Sotra Arena mellom klokka 08.15 og 09.15, og frå klokka 13 til 14.30 alle dagar. Ein treng ikkje tinga time. Ein kan også henta hurtigtestar måndag til fredag mellom klokka 10.00 – 16.00 på innbyggjarservice/bibliotek på Sartor Storsenter, Sund Senter og Rong Senter. Her kan ein berre henta hurtigtestar dersom ein ikkje har symptom på sjukdom, og ikkje er i isolasjon.