Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Kvar kan eg henta hurtigtestar?

Hurtigtestar kan hentast i testteltet ved Sotra Arena mellom klokka 08.15 og 14.30, alle dagar.

Ein kan også henta hurtigtestar måndag til fredag mellom klokka 10.00 – 16.00 på innbyggjarservice/bibliotek på Sartor Storsenter, Sund Senter og Rong Senter. Her kan ein berre henta hurtigtestar dersom ein ikkje har symptom på sjukdom, og ikkje er i isolasjon.

Det er mogleg å ta PCR-test klokka 12 alle dagar inntil ny meldig vert gjeve. Alle må ringja koronatelefonen for å få time for testing. Det vert endringar frå 28. oktober. Dette kjem vil tilbake til.