Digital registrering av positiv sjølvtest og nærkontaktar

Du kan hjelpa helsearbeidarane i Øygarden kommune ved å registrera positivt svar på sjølvtest for koronasjukdom, og dela informasjon om dine nærkontaktar. Du kan og registrera test på vegner av andre, for eksempel eigne barn.

Ill. Mostphotos - Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

Positiv sjølvtest vert ikkje registert på Helse Norge. Dersom du har behov for at det skal registrerast på Helse Norge, så må du ta ein PCR-test. Du må då bestilla time på teststasjonen. Les meir her.

Her registrerer du sjølvtesten din:
Logg inn for å registrere

Opplysningane vert delte med dei som jobbar med smittesporing i Øygarden kommune, og vert berre brukte til dette føremålet. Opplysningane vert sletta når lagring ikkje lenger er påkrevd.

Vi ønskjer å henta inn slike opplysningar:

  • Personopplysningar
  • Testinformasjon
  • Vaksine – kor mange vaksinar har du tatt?
  • Eksponering – mogeleg smittestad
  • Tidlegare koronasjukdom
  • Symptom
  • Andre opplysningar
  • Registrering av nærkontaktar

Registreringa gjev oss verdfull informasjon i arbeidet med å avgrensa smitten. Takk for hjelpa!