Bestill koronatest - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Bestill koronatest

Ta kontakt med koronatelefonen 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene eller isolasjon eller andre spørsmål knytt til koronaviruset.

Ved bestilling av koronatest: Ha klar personnummer til alle som skal ta test!

Telefonen er open frå klokka 08.00 til 15.00 alle dagar, også laurdag og sundag.

Det er viktig å nytta koronatelefonen når ein skal tinga test. På den måten vert ikkje telefonkøen inn til Sotra legevakt unødvendig lang for dei som treng rask helsehjelp. 

Dei som har behov for legetilsyn, skal ringja til legevakta på telefon 116 117.

Koronatest?

Er du usikker om du bør testa deg? Gå inn på «Koronasjekk» på helsenorge.no
Sjølve testinga vert gjort ved Sotra Arena.

Etter testing

For deg som allereie er testa, er det viktig at du følgjer dei råda du fekk då du vart testa. Prøvesvaret vert vist på Helsenorge.no når prøven er ferdig analysert.

Kontakt oss for koronatest


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Tast 1 for bestilling av koronatest, 
spørsmål om karantene eller
isolasjon og anna.
NB! Periodevis er det stor pågang,
og det kan oppstå ventetid.

Telefontid måndag til sundag
08.00 til 11.30
12.00 til 15.00
For å unngå kø, ring gjerne etter kl 09.00.


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Legevakt
Telefon 116 117