Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar

På bakgrunn av kraftig smitteauke i Øygarden den siste tida, har smittevernlegen innført innskjerping av besøksrutinane på sjukeheimane i kommunen.

Dette medfører:

  • Maksimalt eitt besøk pr. veke.
  • Maksimalt tre personar pr. besøk.
  • Besøket må avtalast på førehand
  • Følg smittevernreglar på sjukeheimen (munnbind, avstand og spriting av hender
  • Elles vil institusjonane gje melding til alle pasientar og pårørande om kva rutinar som til ei kvar tid gjeld. Der vil ein også finna unnatak frå hovudregel.

Besøksordningane kan verta endra på kort varsel.

Når det gjeld omsorgsbustader med heildøgns teneste, vert det vist til informasjon/tilrådingar frå den enkelte bufellesskap.